Kompani / Prosjekt

FRIKAR X - scenisk folkedans

FRIKAR X utvida med seks nye talent!

FRIKAR utvidar prosjektet FRIKAR X med seks talent frå 16 år, for dei beste talenta og dei mest dedikerte innanfor folkedans, og gjev dei eit fagleg program med spesialtrening i scenisk folkedans.

BAKGRUNN

FRIKAR X vart oppretta i 2017 som eit treårig talentutviklingsprosjekt i samarbeid med Talent Norge, FRIKAR og sponsorer. FRIKAR X fylgjer opp talent frå ulike sjangrar og har eit spesielt fokus på samtidsdans tufta på tradisjonsdans. Målet er å lyfte talenta til eit internasjonalt nivå, både som formidlande og skapande utøvarar. Prosjektet har hovudbase i Valdres.

UTVIDING AV FRIKAR X 

FRIKAR X vart hausten 2018 utvida med med eigne talentplassar for scenisk folkedans. 

Mål:  

Lyfte folkedansen og utøvarane av den opp til eit internasjonalt scenekunstnivå.

Programmet vil innehalde: 
  • Kunsten å vera til stades i sceniske situasjonar
  • Improvisasjonsmetoder
  • Rollearbeid
  • Timar med songpedagog
  • Repertoire og sceneerfaring, blant anna GotoGuta av FRIKAR
  • Utvalte treningssamlingar med resten av FRIKAR X
  • Utplassering hjå institusjonar og frigrupper 

* Det kan oppstå endringar 

Talenta

  • Anna Opsahl, 19 frå Vestre Slidre
  • Sikia Chi Masters Heien, 16 frå Stavanger
  • Jon Bugge Mariussen, 20 frå Nesodden
  • Håkon Håvelsrud Odden, 18 frå Nord-Aurdal
  • Eilif Hellum Noraker, 18 frå Nord-Aurdal
  • Nikolaj Bo Fischer Nielsen, 18 frå Nesodden

Jury ved prøvdedansen:

  • Hallgrim Hansegård, Kunstnerisk leder ved FRIKAR
  • Leif Stinnerbom, teatersjef ved Västenå teater
  • Anna Öberg, dansekunstar og koreograf

Aktivitetsplan: 

Prosjektet vara hausten 2018 - høsten 2019, med ambisjon om forlenging. Instruktørar er blant andre det italienske kompaniet Cafelule, Ådne R. G. Kolbjørnshus, Jon Filip Fahlstrøm, Hallgrim Hansegård, Leif Stinnerbom med fleire. 

  • 23.-24. september 2018, observere GotoGuta prøver, FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
  • 2.-6. oktober 2018, workshop i vertikaldansFRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
  • 12.-14. oktober 2018, prøver GotoGuta, FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
  • 26.-28. oktober 2018, prøver GotoGuta, FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
  • 30.nov. - 2. desember 2018, prøver GotoGuta, FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal, ubekreftet
  • 12. desember 2018, Contempor@ar halling, Sentralen (Gymsalen), Øvre Slottsgate 3, Oslo
  • 3.-6. januar 2019, treningssamling, FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal
  • 9. januar 2019, Contempor@ar halling, Sentralen (Gymsalen), Øvre Slottsgate 3, Oslo
  • 13. februar 2019, Contempor@ar halling, Sentralen (Gymsalen), Øvre Slottsgate 3, Oslo
  • 17.-20. februar 2019, GotoGuta fremføring i Italia, ubekreftet
  • 29. april 2019, og dagene i forkant og etterkant, workshop og visning i Flammen kulturhus til Dansens Dag, ubekreftet 
  • 13.-16. juni, treningssamling, FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal

* Det kan oppstå endringar. Fleire datoar til andre faglege tema kjem. 

 

 

Sponsorar og samarbeidspartnarar: 

#FRIKAR
#FRIKARX
#Talent
#Tradisjonsdans