Kompani

Eilif Hellum Noraker

Dansar og tidlegare medlem av FRIKAR X

 

 

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Eilif Hellum Noraker frå Valdres er kjend for hovedrolla i kinofilmen Dr. Proktors prompepulver og rollar i filmane Kon-Tiki og Reisen til julestjerna. Han er òg ein dyktig hallingdansar som til dagleg går siste året på vidaregåandelinja Toppidrett FRIKAR. Eilif hadde hovudrolla under opninga av Ungdoms-OL i 2016, ein produksjon med 1200 utøvarar. 

2015-2018 var han del av talentprogrammet FRIKAR jr og hausten 2018 vart han vald ut til det nasjonale talentutviklingsprogrammet FRIKAR X, eit samarbeid med Talent Norge.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Eg vil at dagene mine skal ha engasjement og rytmer og eg vil bruke livet til noko som gir meg og andre glede. Som dansar kan eg inspirere andre med leikenheit, innleving og kreativ bruk av rytme og akrobatiske element. Eg begynte med dans fordi eg vart inspirert av leiken i dansen!

Om det ikkje hadde vore for FRIKAR så veit eg faktisk ikkje om eg hadde drivi med dans. Gjennom talentprogrammet, kule oppdrag og ei spanande framtid, har FRIKAR lagt til rette for at eg skal spesialisere meg. Og  alle moglegheitane FRIKAR har gitt meg har vore ein stor inspirasjon i seg sjølv!

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

FRIKAR X er kjempegivande med eit veldig bra læringsmiljø. Det gjer at eg har verkeleg lyst til å utvikle meg og FRIKAR X gir meg stor motivasjon til å faktisk satse på dansen!

I det siste har eg tenkt mykje på kva retning eg skal velge i livet. FRIKAR X har gitt meg heilt klare mål å jobbe mot, no for tida er GotoGuta ein viktig motivasjon når eg jobber for å bli betre. Her får eg mange utfordringar og merker ei positiv utvikling. 

FRIKAR X får inn mange flinke instruktørar frå både inn- og utland. Eg har blitt presentert for mange sjangarar og fått gode minner, kunnskap og ferdigheiter. Så no vil eg berre spesialisere meg ennå meir!

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva ønskjer du å få ut av talentprogrammet?

Eg drøymer om å kunne kombinere dans og skodespel/teater så dette talentprogrammet passar meg ypperleg! Eg ønskjer å forbetre meg innan dans, akrobatikk og sceniske ferdigheiter. Eg vil òg bli ein betre hallingdansar, det er jo det eg har dansa mest. Men så vil eg også utvikle meg innanfor andre stilar som samtidsdans, hip-hop, breakdance og moderne.

Talentprogrammet hjelper meg til å få kunnskap om bland anna trening og pretasjonsutvikling, noko eg heilt klart har nytte av. Det gjer meg òg klar for arbeidslivet sjølv om eg rekner med å ta vidare utdanning etter at eg er ferdig med FRIKAR X. Det er ei erfaring eg tar med meg vidare i livet og om nokre år kjem eg nok til å sjå tilbake på dette med glede og som ei tid med mykje eigenutvikling.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein