Kompani / Show og events

Folklore

Norsk folkemusikk og tradisjonsdans har alltid handla om rytmar, energi og glede. Dei fleste Noregsmeistrane i halling dei siste 15 åra har fått opplæring frå FRIKAR og vi legg æra vår i å framføre ekte vare med dei beste utøvarane.

Folklore-pakka er svært tilpasningsdyktig for vi kan danse på få kvadratmeter, mellom gjestane, på scener og på snø. Det er heilt  opp til kva DU ynskjer! Vi kan òg opptre i moderne klede eller i tradisjonell bunad, moglegheitane er mange. Ta kontakt med oss under og start samtalen i dag.

 

Sjå døme på Folklore her:  

Tradisjonell halling med éin person: https://youtu.be/TkLrp39oUaE

Ein-mot-ein-mannsbattle i halling: https://youtu.be/JmYga6PkdJI

#

"FRIKAR kjenner den norske tradisjonen inn og ut og kan nettopp difor fornye og utvikle han"

Knut Olav Amås
Aftenposten
Kontakt oss

Kontakt Hallgrim Hansegård på 47611547 eller art@frikar.com for booking eller ein uforpliktande prat.