Kompani / Prosjekt

GOKAR™

Artig trening med staur

GOKAR™ er eit utvekslingsprosjekt som gjer ny kunnskap om bevegelse og trening tilgjengeleg for alle. Systemet kombinerer gamle treningsformer frå ulike verdsdelar med samtidas kunnskap om trening og helse. Brukarar er velkomne til å vippse ein slant til 47611547 for å støtte vidareutviklinga av GOKAR™ gjennom koronakrisa for å gje eit endå betre heimetreingstilbod for fleire. Målet er i løpet av våren å ha variert trening tilgjengeleg på nett for alle nivå i løpet av våren 2020. 

 

Velkomen til GOKAR™! Koreograf Hallgrim Hansegård vaks opp med godkarstykka frå Valdres og har reist verda rundt og samla kunnskap om bevegelse frå kinesiske kungfumunkar, indiske yogiar, capoeira-meistrar frå Brasil, amerikanske breakdansarar og andre kulturar. Han er med i Olympiatoppens prestasjonsklynge og programansvarleg for Talent Norge-prosjektet FRIKAR X. 

No leiar Hansegård prosjektet GOKAR™ hvis mål er å gjera bevegelseskunnskap frå gamle tradisjonar i møte med samtida si kunnskap tilgjengeleg for alle. Me trur at artig og enkel trening som du kan gjera med rimelege verkty kvar som helst i verda kan vera eit viktig bidrag for at me skal kunne fri oss frå fysiske og mentale smerter og oppnå ei lukkeleg aldring. Kvifor betale meir pengar enn sveitte for god trening?

I GOKAR™ nyttar med kroppstyngda i øvingar som går tilbake til vikingtida og som har vore brukt til å trene opp ungdommar til å bli gode bønder, dansarar, jegarar og krigarar. 

Hansegård vil takke mentorar som Knut Steinsrud, Ingar Ranheim, Master Chen Shiyu, Mestre Maclau, Guruji Shiva Shankar for flott formidling av kulturarv som dette kurset nyttar seg av. 

Pris: I ei oppstartsperiode medan me utviklar nettkursa har me valt å invitere brukarar til å vippse ein sum til 47611547. Også FRIKAR er sterkt ramma av koronakrisa og me er difor nødt til å finne alternative måtar å halde drifta i gang på. 

Med GOKAR™ trenar du fem kvalitetar på S: 

  • Smidig
  • Sterk
  • Spenstig
  • Stødig
  • Smart

 

#GOKAR
#Movement culture
#Fitness
#Heimetrening
#stickchallenge
#stickmobility
#mobilitychallenge
#idoportal
#Halling
#calisthenics
Føter, bein og setemuskulatur
Kjernemuskulatur
Oksla, armar, nakke