Kompani / Verk

SKAUT

Om tildekking og kontroll av kvinna

Tekst for offentleg sal: 

SKAUT

Kva er eigentleg kvinneleg og mandig i dansen? Kva skjer med kjønnsrollene når kvinna i 2020 får spela begge roller og ta dei heftigaste “karstykka”?

 

I Norge har klede og bevegelseskultur opp gjennom tidene blitt brukt til å kontrollere kvinna. I lys av at hijaben tek over der skautet slapp, fokuserer koreograf Hallgrim Hansegård og fem kvinnelege medskapande dansarar inn på tematikken rundt tildekking og kontroll av kropp. Kvinnene både strammar og sler ut håret i denne framsyninga gjennom særeigen, kontrollert samtidsdans og vill folkedans.

 

SKAUT er ei ny jordnær framsyning med himmelhøge ambisjonar frå FRIKAR.

 

Urpremiere 28. februar 2020 i Bærum kulturhus.



#Dans
#Teater
#Musikk
#Gjestfridom
#Interaktiv kunst
Praktisk informasjon: 

 

Alle publikumarane er med i scenerommet og kan velgja mellom å stå og sita på golvet. Trengande vil få tilbudt stol. Teaterrøyken er goidkjent også for asmatikarar. Nedre aldersgrense er tre år, tilrådd aldersgrense er åtte år. 

 

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård

Komponist: Erlend Apneseth Trio

Dramaturg: Celestine Hennermann

Kostymedesign: Inger Stinnerbom 

 Lysdesign: Gard Gitlestad

Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Sara Enger Larsen, Sigyn Åsa Sætereng, Nora Svenning, Ornilia Percia Ubisse. 

Framsyninga er samprodusert med Beaivvas Samiske Nasjonalteater og Bærum kulturhus. Ho er støtta av Kulturrådet, Fritt Ord, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Eckbos Legat, Oppland/Innlandet fylkeskommune, Valdres Natur- og Kulturpark.  

 

Foto: Hallgrim Hansegård