I får elevane trene sirkusdisiplinen tøyakrobatikk og litt vanleg akrobatikk i oppvarminga.
Me har sju sirkustøy / gardiner som me klatrar i, gjer kroppsknutar og triks i. Dette er ein disiplin innanfor nysirkus som er mykje brukt innan både kunstproduksjoner og underhaldning. Tilbodet er veldig bra for å frigjera seg frå mentale barrierer og kombinere spenning, styrke og estetikk. Sjå video av Ruth Noraker demonstrere tøyakrobatikk her: https://vimeo.com/1001513506
Hovudinstruktør er Ruth Noraker. Ho går 3. klasse på vidaregåande og har vore elev i FRIKAR-Akademiet sidan ho var lita innan dans, vertikal dans og luftakrobatikk. Ho vart nr 4 i senior-NM i år og har deltatt i landsfinala i UKM.
-
For nye deltakarar har me i år har me eit forkurs på 4 treningar. Dette kostar 700 kr og blir fakturert for seg. Forkurset går kl 17-18 den 7/9, 14/9, 21/9 og 28/9. Den 14/9 er forkurset kl 18. Før haustferien får deltakarane veta om dei kan vera med vidare. Dette handlar kun om tryggleik då luftakrobatikk krev mykje ein til ein-undervisning og tryggleik er avhengig av korrekt teknikk.
-
Dei som har vore med på luftakrobatikk før kan møte frå 7. September og fram til jul.
Ang tryggleik
Instruktørane våre er erfarne med risikoførebygging. Akrobatikk medfører alltid meir risiko enn å sita stille. Typiske situasjonar som kan skapa uhell:
- Utøvarar prøver nye triks utan oppfylgjing av instruktør. Tiltak: Disiplin og klar kommunikasjon. Alltid seia frå til instruktør før du prøver nye triks.
- Deltakar slår seg på golvet. Tiltak: Det skal alltid vera tjukkas eller annan støtdemping under tøya som blir brukt.
- Deltakar er ukonsentrert og slår seg. Tiltak: Deltakarar må eta mat og drikke mellom skuletida og trening.
- Deltakar set fast hår eller klede i knuter i tøyet. Tiltak: Bruk ettersitjande tøy og unngå laust hår.
For å unngå unødvendig risiko forventar me disiplin av ungane ved å forhalde seg til reglane våre. Foreldre kan gjerne snakke med deltakar om kvifor det er viktig å høyre på instruktør og fylgje reglane. Me ynskjer at foreldre som leverer og hentar kjem inn i foajeen til FRIKAR-SMIA slik at det er lettare å kommunisere. Me ynskjer at det er minst ein foreldre med bil tilstades i foajeen for ungar under 9 år. Ved eventuelle uhell som krev skyss til legevakt kan treninga halde fram ved at foreldre køyrer på legevakt. Ved alvorlege uhell tilkallar me ambulanse.
ERFARING VISER AT UNGAR BLIR MEIR HARMONISKE OG FÅR EI ARTIGARE ØKT OM DEI MØTER MINST 5 MIN FØR START.
FRIKAR-Akademiet har sidan 2009 samarbeidd med profesjonelle tryggleiksteknikarar. Opphengspunkt for luftakrobatikk i FRIKAR-SMIA er utrekna av Byggteknikk Valdres og utført av Sanne Hauglid as. Me går over utstyret til kvar sesong for å kvalitetssikre.
FRIKAR-Akademiet arbeider for eit trygt miljø i kvalitetssikra fascilitetar. Ved å fylle ut dette skjemaet samtykker du på at FRIKAR-Akademiet ikkje er juridisk ansvarleg for eventuelle skader som deltakar skulle pådra seg under trening i FRIKAR-Akademiet sin regi.