Kompani / Prosjekt

FRIKAR X

FRIKAR X

Profesjonelt dansekompani med nasjonalt talentprogram for nyutdanna bevegelseskunstnarar. Talent Norge si fyrste satsing i det frie dansefeltet. 

 

FRIKAR X har valt ut ti av Norges fremste bevegelseskunstnarar mellom 17 og 30 år til ei treårig satsing. Fokuset er todelt: 1) Individuell utvikling av talent og kunstnarleg stemme. 2) Samtidsdans styrka på eldgamal kunnskap frå Valdres. Utøvarane har bakgrunn frå samtidsdans, jazzdans, konkurransedans, halling, afrikansk dans, break dance og hiphop.

FRIKAR X skal produsere tre sceniske verk og turnere både i inn- og utland. Programmet er bygd opp av produksjonar, turnear, verkstader i Valdres og Oslo, treningsleirar, fysiologiske testar, innovasjonslabar og mentoring. 

FRIKAR X er støtta av Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping og Eckbos legat. Programmet samarbeider med Fjelldansen - Regionalt kompetansesenter for dans - som er støtta av Kulturrådet, Oppland fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark. 

FRIKAR-fakta:

  • 400.000 live-publikumarar
  • 1,3 milliardar tv-sjåarar
  • 100 millionar YouTube-visningar
  • 10 millionar treff på frikar.com
#Talentutvikling
#samtidsdans
#halling
#akrobatikk
#talent norge
#sparebankstiftelsen dnb
#eckbos legat

FRIKAR X ER: 

  • Profesjonelt kompani for grensekryssande bevegelseskunst
  • Prestasjons- og kompetanseutviklande program
  • For eksepsjonelle, nyutdanna talent med internasjonale mål
  • Treningssamlingar, meisterklasser og seminar opne for yngre talent

Over ser du eit utforskningsprosjekt vi har i Åbjøra-juvet som skal ha premiere i 2018. Publikum skal bli delt inn i ulike grupper. Ekstremgruppene får våtdrakt og hjelm, dei andre lyt ta vegval gjennom juvet og skogen og dei kunstnarlege opplevingane undervegs blir påverka av vala. 

KONTAKT

Benedicte Marie Bjerke

Tlf: (+47) 95786355

Epost: benedicte@frikar.com

 

Benedicte Marie Bjerke
Prosjektleiar
FRIKAR X kryssar norsk natur, identitet og innovasjon
FRIKAR X kryssar norsk natur, identitet og innovasjon
FRIKAR har turnert i dei raudmerka landa
FRIKAR har turnert i dei raudmerka landa
I Norge har vi spelt på desse 150 stadane
I Norge har vi spelt på desse 150 stadane

TidarÅ, ei utandørsframsyning som trakk 3500 publikumarar på fem dagar er godt døme på FRIKARs innovasjon på tvers av sjangrar.

 

NOKRE FRIKAR-FAKTA

  • 32 land
  • 1,3 millardar tv-sjåarar
  • 100 mill YouTube-visningar
  • 10 mill frikar.com-visningar
  • Best choreography, Eurovision 2009
  • Silver prize Prix Italia 2013
  • Norges mest omtalte dansekompani
  • 10 siste NM-gull

Over får du eit glimt inn i FRIKARs innovasjon med norske tradisjonar: Frå halling på 1970-talet via seier i Eurovision Song Contest til utvikling av dataspelet Age of Conan.