Kompani / Show og events

Happy Halling

Med stramme koreografiar, fengande musikk og halsbrekkende akrobatikk, manuvrerar FRIKAR deg gjennom Happy Halling!

I planleggjinga gjorde ei rekke undersøkingar og fann ut korleis ein dansa i Noreg i gamle dagar. Klart vi vart overraska då vi fann ut at vi faktisk snurra på hovudet i hallingdansen for over 100 år sida! Dette måtte jo brukast og resultatet kan du sjå i Happy halling!

 

Happy Halling er eit koreograferte show med FRIKAR sine aller beste utøvarar og kjem i fire variantar: 

GOTOGUTA tar med tre dansarar og éin speleman. 
Det er halsbrekkande innleving og formidling av ungkarenes tankar om seg sjølv og livet.


SOLO syner ein leiken halling og ein spelemann. Det er innslag med sprek og akrobatisk halling og byr gjerne opp ein person som skal hedrast. Kanskje vert det deg? 

 

DUO er variasjonen med to energiske hallingdansarar og éin spelemann med bukkehorn!
Du får eit sprekt duo-arbeid med overraskingar av hallingkast og akrobatikk. Om moglegheitar byr seg kan det ver at vi gjerne engasjerer publikum til å prøve artige krum-spring.

 

TRIO tar med med tre dansarar og éin spelemann. Fleir om plassen gir jo mykje energi, kreativitet og humor og det er ein kombinasjon vi likar! 


Smakebitar frå Happy Halling kan du sjå her:

Triohalling: https://youtu.be/8aN6G3wVahc?t=1m7s 
Triospringar: https://youtu.be/qCadLYwNX0E

#

"Fenomenet FRIKAR er noko av det beste som har skjedd i norsk samtidsdans"

Marianne Lystrup
Folkemusikk
Kontakt oss

Kontakt Hallgrim Hansegård på 47611547 eller art@frikar.com for booking eller ein uforpliktande prat.