HAUST 24

Meistringsglede, mot og kreativitet! Hjå FRIKAR-Akademiet får unge i alderen 3-18 fridd seg sjølv frå fysiske og mentale grenser gjennom dans, akrobatikk og sirkus. 

 >> Trykk HER for påmelding <<

 

Har du born som trenar i vårsemesteret no 2024, men ikkje er registrert?

Meld på her: >> VÅR 2024 <<

 

 

Fakta
    • Instruktørar FRIKAR-akademiet haust 2024: 
      Hallgrim Hansegård
      Julianne Solli
      Ruth Nordaker 

      Me vil ha ei uforpliktende prøvetrening for alle interesserte i vår. Dato for dette kjem.


    • Du får faktura på epost. 
    • 30% avslag for yngste søsken og for tilbod nr to for same deltakar. 
    • Oppmøte i FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal. Oppmøte 5 min FØR treninga startar for å unngå forsinking. 
    • Deltakarar i barnehagealder kan ha med foreldre inn i klassa fyrste gongen. 

    Søskenmoderasjon er 30% avslag for den yngste deltakaren i familien.
    Me har også 30% avslag på tilbod nr 2 for deltakarar som går på fleire kurs, men ikkje både søskenmoderasjon og fleirkursmoderasjon for same deltaker.
    Ein må fylle ut skjemaet på ny pr born.
    Det er ikkje avslag for lite oppmøte, sein start eller ved å slutte før semester er ferdig. 
    Me sender faktura på epost. 
DANS & AKROBATIKK 3-5 ÅR

Me har eit spesialtilpassa opplegg for ungar i barnehagealder! Her legg me ekstra vekt på bevegelsesglede og utvikling av stormotoriske evner. Balanse, rytme, romkjensle og fantasi er viktige ingrediensar i treninga. Me øver på å sitja skikkeleg på huk, rulle i fleire retningar, snurring, ulike hopp og hink, stå på hovudet, slå hjul.

Dette gjev eit godt grunnlag for å meistre nivået i partiet for 1.-4.-klasse og kroppsøving generelt. Det er også eit godt grunnlag for å gå vidare mot dans, akrobatikk eller sirkus. Me har gjort eit val om å fokusere meir på bevegelsesglede og bli kjent med kroppen sine moglegheiter enn å øve på disiplin. Difor differensierer me litt treninga for dei ulike deltakarane og tillét litt leik. Men me fokuserer på å skapa tryggleik i gruppa. 

Ungar i alderen 3-5 år har visse evner som ofte visnar bort om ein ikkje pleier evnene. Dette gjeld særleg gripeevna me er født med, rytmesans og fantasi. Dette partiet vil bidra til at barnet tek desse evnene med seg inn i oppveksten. 

 

Pris: 1700 kr for 13 treningar hausten 2024. 

Ta med: Treningstøy med sokkar. Gjerne ulik farge på sokkene slik at det er lettare å kommunisere rundt høgre og venstre fot. Drikkeflaske med sugetut, ikkje kork - for å unngå søl. 

 

DANS, AKROBATIKK & HALLING 1.-4. KLASSE

I hovudpartiet for 1. - 4. klasse øver me på grunnleggjande akrobatikk og hallingdans. Her får deltakarane sjansen til å meistre å stå på hovudet, stå på hender, slå hjul, gjera stiftar, saltoar, sparke hatten osv. I tillegg øver me på rytme og kroppskontroll gjennom hallingdansen. 

Me øver på golv, matter, airtrack og trampoline. 

SJÅ FILM HER!

Pris: 2.100 kr for 13 treningar. 

Ta med: Treningstøy og sokkar. Drikkeflaske med sugetut. 

 

 

DANS, AKROBATIKK & KAMPLEIK 5. KLASSE +

Partiet kombinerer akrobatikk og parkour med inspirasjon frå ulike kampsportstilar. FRIKAR-Akademiet ved Hallgrim Hansegård har studert kungfu i Kina, capoeira i Brasil og vikingleik her heime. Partiet vil øve koreografier som kombinerer dette. 

Passar bra for dei som gjerne ynskjer å vera del i eit kreativt miljø som finn på nye triks og kombinasjonar. 

Me øver på golv, matter, airtrack og trampoline. 

SJÅ FILM FRÅ TRENINGAR HER! 

Pris: 2.100 kr for 13 treningar. 

Ta med treningstøy med sokkar og drikkeflaske. 

SIRKUS & VERTIKAL DANS

Kurset som i utgangspunktet er for 5. klasse og oppover gjev ei innføring i sirkusdisiplinar som tøyakrobatikk og vertikal dans i klatretau. Det er det einaste tilbodet i sitt slag som me kjenner til her i Norge og gjev spesielt stor meistringsglede. 

Me set tryggleik i høgsetet og går gradvis fram ettersom dugleiken og tryggleikskjensla til deltakarane stig. 

SJÅ FILM FRÅ FORLØPAREN TIL DETTE TILBODET HER!

Pris er 2100 kr for 13 treningar. 

Ta med: Ettersitjande treningstøy som ikkje viklar seg så lett inn i utstyret. Drikkeflaske.

Ruth Noraker i FRIKAR I FOSSEN. Foto: Antero Hein
Ruth Noraker i FRIKAR I FOSSEN. Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein