GANDR er eit frigjerande opptog for det tredje årtusen. I den digitaliserande pandemien har me studert grupperituale og dans frå helleristningar i nordisk stein- og bronsealder for å finne energi og bevegelsesglede for den utfordrande samtida vår. I GANDR kan du oppleva dans og sirkus frå den vinkelen og avstanden du vil, i tillegg til å få ein sjelsetjande tur i vill og vakker natur.
Her er video frå forprosjektet då me studerte dans frå stein- og bronsealder med arkeologar: https://youtu.be/x1zgLCQKB5I
“Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur. Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heilt på neglebitarstadiet.”
- Leiaren i Avisa Valdres.
“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd! Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.”
- Oppland Arbeiderblad.
Praktisk informasjon:
Opplevinga startar kl. 17:30 og varer i ca. 4 timar.
Det er parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda.
Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. Sjå her for vegskildring.
Overnatting? Me samarbeider med Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.
Området er rekna for å vera ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyta alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe og varm mat nede i juvet. Boller er frå Bakeriet i Bagn og Majel er frå Valdres Gjestegard. Det er ikkje høve til å ta med hund.
Billettar vert ikkje refundert.
Cast og kreditering:
Koreograf: Hallgrim Hansegård
Kostymedesign: Line Maher
Komposisjon og musikalsk ansvarlig: Terje Isungset
Musikarar: Terje Isungset, Torgeir Vassvik og Sondre Veland
Lydteknikar: Mathias Grønsdal
Scenografi: Hallgrim Hansegård
Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn
Produsent: Ingvild Kristin Kirkvik
Produksjonsassistent: Martine W. Ugland
Friviljugsjef: Oda Hjelle
Medskapande dansarar:
Jon Filip Fahlstrøm
Anna Benedicte Andresen
Og Johanna Albertsson, Elias Bäckebjörk, Julianne Solli, Sathieshnaa Sivamohan, Veslemøy Odland, Berit Einemo Frøysland, Laura Perrot, Live Skullerud, Marnie Fiebig, Petter Egge, Kristine Vestby Holstad, Pernille Løvdal Nansen og Dina Enoksen Elvehaug.
Elevar frå FRIKAR-Akademiet
Sirkusartistar:
Naomi Bratthammer og Håkon Hemmer
--> Sjå alle utøvarane her! <--
Musikk:
Komposisjon og musikalsk ansvarlig: Terje Isungset
Joiker: Torgeir Vassvik.
Bjørnejoik: Trad.
Tekstuttdrag: Håvamål
Terje Isungset: Munnharper, bukkehorn, trommer, strein, tre og metall
Torgeir Vassvik: Stemme, joik, strupesang og gitar
Sondre Veland: Trommer
Mathias Grønsdal: Lyddesign
Takk til:
Våre støttespelarar: Kulturrådet, Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB, Anders Jahres Humanitære Stiftelse, Gnistfonden for unge, Det norske komponistfond, Innlandet fylkeskommune og Valdres Natur- og Kulturpark.
Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad for godt samarbeid.
Takk til alle friviljuge!