IMG_0618.JPG

Regionalt kompetansesenter for dans i Valdres og Hallingdal, drifta av FRIKAR i samarbeid med Teater Innlandet og Ål Landsdelsscene for Dans. 

Fjelldansen har som mål å auke kompetanseutviklinga i koreografikunsten og å styrke produksjons- og formidlingsvilkåra for dansekunst i området. 

Fjelldansen er eit prosjekt som skapar ein lokal og global møtestad for dansekunst i Valdres og Hallingdal. Kompetansesenteret er støtta av Kulturrådet, Oppland og Valdres og er det einaste i sitt slag med hovudfokus på møtet mellom samtidskunsten og den lokale tradisjonsdansen. Fjelldansen står årleg bak:

  • Residensar for dansekunstnarar av internasjonal kaliber.
  • Kompetansehevande verkstader for profesjonelle og framtidige profesjonelle dansarar. 
  • Nettverksmøte mellom ulike residensstader, scener og dansekunstnarar.
  • Koreografiske forskningsprosjekt som meislar ut nye moglegheiter å byggje vidare på.
  • Kunstnarlege samtaler for å styrke det lokale publikumet sin kompetanse på dans.

 

Til no har desse dansekunstnarane vore i residens gjennom Fjelldansen: 

  • Mia Habib (Norge)
  • Omar Rajeh & Mia Habiz (Libanon)
  • Hemabharathy Palani (India)
  • Bruno Caverna (Brasil)
  • Christopher Arouni & Jon Filip Fahlstrøm (Sverige og Norge) 
  • Bjørn Säfsten (Sverige) 
  • Anita Vika Langødegård og Hanna Våge Skjeggestad (Norge) 
  • Chriz Nypan (Norge)
  • Marika Peura (Finland)
  • Viktor Fröjd (Sverige)
  • Mirai Moriyama (skuespiller), Junya Oikawa (komponist/musiker) & Jon Filip Fahlstrøm (Japan og Norge)  
  • Montage dansekompani v/Heidi Grøtte​, Marthe Aagesen, Emilie Thun​ og Rebecka Lange (Norge)

 

Søk residens i 2019. 

Les meir om FRIKAR si utforsking.

Les meir om flokkintelligens.

Les meir om kompetansehevande verkstader.

Foto: Cathrine Dokken

 

 

KONTAKT

Prosjektleiar

Benedicte Marie Bjerke

Epost: benedicte@frikar.com

Mobil: 95786355

 

Kunstnarleg leiar

Hallgrim Hansegård

Epost: art@frikar.com

Mobil 47611547

Reportasje i Oppland Arbeiderblad
Reportasje i Oppland Arbeiderblad

Nokre presseoppslag frå utforskinga vår av Åbjøra som potensiell arena for dans.