Fjelldansen fasciliterer ein verkstadserie som vi kallar "Flokkintelligens". Fyrste verkstaden vart gjennomført 4-6 desember 2017, leia av Mia Haugland Habib. Seinare vil vi også innlemme reinsdyrgjetarar, biologar og filosofar i denne utforskinga. Her er referat frå fyrste verkstad:

Oppgåver flokkintedlligens

  • Springe/gå i flokk. Avsporingar. Alle skal ha torso i same retning. Ved avsporingar kan leiaren ta torso i annan retning. Flokkane er definert av torsoretning. Varier tempo og avstand. Ha eit fall framover. Mjuke kurver.
  • Spring i flokk med nærleik. Alle torsoar i same retning
  • Spring i flokk med avstand. Alle torsoar i same retning.
  • Spring i flokk med ein person spora av. Alle har torso i same retning.
  • Stå rundt rommet. Ein går inn i rommet. Ein annan går inn og beveger seg med. Slik kan vi leggje til fleire. Ein kan gå ut av rommet når ein vil.
  • Stå i ring, hald i lag, to steg til høgre, eit til venstre. Dans i ring lenge. Ta att augo og hald fram. Stopp. Lytt til stilla. Hald på skuldra. Alle kvilar på skuldra til kvarandre. Ta hendene på korsryggane til kvarandre. Sende kvarandre varme. Hald eine handa på skulder på sidemann, den andre handa på skulder tvers over ringen. Edderkoppnett. Byte konstellasjonar. Ta ut energien du føler i barduntonar. Skift person å halde på kvar gong du trekker luft. Etter songen går de i virrvarr med lukka augo. Akseptér eventuelle krasj.
  • Halvopne augo, gå i flokk.

 

Oppgåver sanntidskomposisjon

  • Bruk 15 min på å laga ei frase som du ikkje treng å konsentrere deg for å hugse. Gjerne med nivåskifte. Skal transportere deg gjennom rommet. Skal brukast
  • Prøvast ut i rommet ein og ein fyrst. Så skal det vera minst tre person i rommet samstundes. Frasene skal loopast.
  • - Veldig bra rombruk. De tok med dykk det kurvande rommet frå i går, og de fekk til ein ekstrem lytting!
  • Undersøk frasen din kor sakte og kor raskt du kan gjera den. Etterpå skal de gå inn i rommet og enten opponér eller kopier farten til ein som er i rommet frå før. Unngå medium fart.
  • Hald på alt vi har jobba med. Men legg på fokus på avstand. Beveg dykk enten veldig nær nokon andre, eller ekstremt langt ifrå. Dei som står på sidelinja skal alltid fylgje aktivt med nokon inni rommet med kroppen sin. F.eks vaie som tre eller gras i vind, kjenne på eit fall som gjer det naturleg å “falle” inn i rommet når ein vil.
  • Vel enkeltbevegelsar som skil seg ekstremt i fart. La dykk bli påverka av andre sine raske bevegelsar.
  • Maks to i frase samstundes. Om ein tredje kjem inn, lyt ein gje seg.
  • Dei som går på sidelinja kan flokke seg, og “vaske” gjennom rommet med lik retning på torso. Den som er fremst i retningen styrer vinkel på torso.
  • No har vi fokus på flokken frå igår. Maks ein person som sporer av og går inn i frase.
  • Det som var utfordringa no var at deviation der vi sporar av er at det blir forvirrande. Den som skal gjera frasen ut frå flokken berre begynn, ikkje spore av. Det gjev meir visuelt rom for dei i flokken som vil auke farta eller jobbe med avstand i flokken.
  • No tek vi med dei som er på sidelinja. Dei kan skapa ekko på enkeltbevegelsar. Ein skugge fylgjer materialet lenger. Prøv ut ein lat skugge som vel ut enkelte bevegelsar, og kanskje ikkje tek bevegelsane fullt ut. Leik med å vera sterk eller svak skugge. Hugs at frasene blir gjort veldig fort eller veldig sakte. Men ok å gå ut av frasen om den er sakte og har vara lenge. Så no arbeider de ikkje i flokk.
  • Skugge og ekko påverka komposisjonen veldig! Eit ekko kan henge seg opp i ein repetisjon i rommet enten hjå kvar enkelt, eller frå person til person.
  • No prøver vi at dei på sida er i klynge, i alle fall ikkje åleine. Vi ser etter kontraster. Ver sparsomme med effektane slik at den bruken står i større kontrast til resten. Gje plass til sakte fraser som blir avbrutt av ein rask frase, altså maks to personar i frase om gongen. Fleire kan vera med på effektar som ekko og skugge. Hald statisk fart på ekko, men du kan sjølv velgja farten.
  • No kan klynga bevege seg etter den som gjer frase, lukke rommet bak den. Nei, vi droppar den pga tid.
  • Tema idag er ekstremar. Ver medvitne på tid, sakte eller raskt. Ver medvitne på om du skapar duett, trio osv. Kva skjer med rommet når eg blir med på dette no?
  • De kan også velgja å springe inn i rommet, berre for å bevege meg gjennom rommet, ikkje berre for å gjera frase. De kan koble dykk på dette som flokk. Flokk kan oppstå og forsvinne. Det kan oppstå berre flokk utan at det finst fraser.
  • Bygg gradvis. Vent litt med ekko, skugge og flokk. To begynner i rommet. Eit tempo per frase.
  • Når vi blir trøytte - kva treng vi då? No kan det vera lurt å ikkje arbeide moderat, men enten veldig sakte, eller veldig raskt. Unngå halvveges val mellom ulike oppgåver. Ikkje ver litt flokk og driv litt med ekko og litt frase, f.eks.
  • Ein ting som eg vil nevne er å utfordre sin eigen rombruk, ikkje søkje senter for mykje. 

Vi diskuterte ordbruken "Real time composition" vs "instant composition". Når vi jobber med sanntidskomposisjon så har vi ulike system, effektar og reaksjonar. Mia nevnte Katy Duck, Anna Agkorub og Karen Mikaelsen som gode referanser for sanntidskomposisjon.