Om oss

OM AKADEMIET 

Etter massiv suksess for dansekompaniet FRIKAR skjønte kunstnarleg leiar Hallgrim Hansegård at det var på høg tid med eit rekrutteringsprogram i 2008. Difor starta han pilotprosjektet som i 2012 skulle bli formalisert som Frikar-Akademiet. I dag underviser FRIKAR for Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet, Norges Idrettshøyskole, for Valdres vidaregåande skule gjennom Toppidrett FRIKAR, på FRIKAR si eiga kulturskule og på omreisande workshopar. 

Filosofi

Free yourself! FRIKAR si undervisning legg vekt på å fri seg sjølv frå mentale og fysiske barrierer for å oppnå individuell blomstring. Visjonen er å gå inn i det ukjende med eldgamal kunnskap mot ei berekraftig framtid. Difor er kreativitet, tradisjon og natur viktige grunnverdiar for undervisninga. 

Her kan du sjå dokumentarfilmen "Frikar i Dragens Tempel", laga av Globus Media og vist på TV i Norge, Sverige, Tyskland og USA: 

Metoder

FRIKAR samlar kunnskap frå vidt ulike bevegelseskunstformer og idrettar og vel ut det vi synest har mest for seg. Ein workshop på to timar kan f.eks innehalde kunnskap erverva frå fire månader i eit kinesisk kung fu-tempel, fleire års trening i lag med breakdansarar og trickarar, eit liv med halling, workshopar i moderne dans frå ulike stader i verda osv. Men fagsjef Hallgrim Hansegård har også utvikla ei metode som er heilt spesifikk for FRIKAR:  

"Moving through" er ein koreografimetode utvikla for at utøvarar uansett sjanger skal kunne arbeide sjangerlaust i lag. Metoden har vist seg svært effektiv for kroppsøvingslærarar som vil leie små koreografiske prosessar med elevane sine, der elevane får oppleva meir individuell meistringsglede enn i tradisjonelle dansekurs. Hansegård har vidareutvikla denne metoden gjennom forskningsprosjekt ved Norges Idrettshøyskole. Metoden krev trioarbeid der ein er "blind" og unngår ein stav ført gjennom lufta av andremann. Tredjemann er "videokamera" som skal ta opp alle rørslene til den "blinde" og lære dei bort til resten av trioen etterpå. Ved å byte roller opparbeider trioen felles, synkronisert bevegelsesmateriale som dei så appliserer ulike koreografiske verkemiddel. 

Elles praktiserer FRIKAR i stor grad svært differensiert trening der vi heller deler inn i grupper etter nivå enn alder. Vi underviser i kvalitetar heller enn stil, og legg i liten grad vekt på fasitar eller synkron teknikk. Slik ulik steinmasse legg til rette for ulike skulpturar, legg ulike kroppar og sinn til rette for ulik rørsle.