Kompani

Anita Vika Langødegård

Dansar og tidlegare medlem av FRIKAR X
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Anita Via Langødegård er tjuesju år gamal og kjem frå Valdres. Ho begynte å danse i kultuskulen då ho var rundt fjorten og dansa etterkvart meir aktivt i Bygda Dansar i Oppland, før ho gjekk på FRIKAR Akademeiet i perioden 2008-2010. Anita har no ein bachelorgrad i Moderne- og samtidsdans med pedagogisk kompetanse frå Norges Dansehøyskole.

Anita er utøvande dansar i tillegg til å undervise i samtidsdans og folkedans. Ho har blant anna dansa i FRIKARs Draumefangaren, KRUK!, The Snuff Grinders, Mjølk, Fairytale og opningsseremonien under Ungdoms-OL i 2016.

Utdanning: Bachelor i Moderne – og samtidsdans med pedagogisk kompetanse 2012 – 2015 ved Noregs Dansehøyskole. 

Utøvande dansar - utval sceniske produksjonar perioden 2018 – dd: «Skaut» (FRIKAR), «Draumefangaren» (FRIKAR), «Livmødre» (Mamelukk Dansekompani), «Kulkue – Parad» (Outi Markkula, Helsingfors), «Solitude» (Anna Öberg) turné Dansnätt Sverige, «#Me&U» av Rom for Dans og Caroline Wahlström Nesse. 



"Musikk sammen med bevegelsesgleda har alltid dratt meg ut på golvet, noko dei framleis gjer!"

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

Det er herleg å ha eit kontinuerleg opplegg ved sida av alt anna i kvardagen som varierer veldig. Å ha ein gjeng som saman jobbar mot like mål over ein lengre periode er ein verdi ein mister etter studiet med mindre ein jobbar fast med ei gruppe. I tillegg gir FRIKAR X tilgong til ein heil del workshops eg ikkje hadde fått med meg utan programmet.

Eg har jobba med FRIKAR siden 2009 og no gjennom sjølvet kompaniet. Det er kjempeflott å få meir tid i dette landskapet, samtidig som ein får nye impulsar inn i FRIKAR-atmosfæra gjennom dei utrulege talenta i FRIKAR X.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein