Kompani / Verk

Leahkit

Ei reise mellom ulike stadar i medvitet

Leahkit er eit fasinerande og engasjerande møte mellom FRIKARs grunnleggjar Hallgrim Hansegård, og den samiske musikaren og joikaren Torgeir Vassvik.

 

Leahkit er nordsamisk for ”å vera til stades”, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har havna på gourmetdisken i ei tid der multi-tasking blir forventa dagleg.

Hansegård og Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe i dans og musikk, som er stilna av fornorsking og kristning gjennom tidene. «Leahkit» er eit sjeldent møte mellom norsk folkedans og joik. Verket utforskar ei reise mellom ulike måtar å vera til stades på.

Hallgrim Hansegård etablerte FRIKAR i 2006 for å skapa samtidskunst basert på eldgamal kunnskap. Verka hans er spelte i 30 land og utallige tv-kanalar, og i 2013 fekk han sølvprisen under Prix Italia. Han har lært av dei gamle meistarane, pusta støvet av sjeldne skrifter og søker alltid etter ny kunnskap om mennesket og nye samarbeidsformer.

Torgeir Vassvik er ein av våre mest markante joikarar. Han representerer ein lang kontinuitet i formidlinga av den kystsamiske musikken og fornyar denne med ein lukkeleg kombinasjon av austlege og vestlege element.

 

"Unexpectedly mystical and utterly compelling, not least because both men are masters of their art." The Herald

"Hansegård has a strong stage presence. One of NordDance’s more challenging, yet memorable, works." The Scotsman

"In Leahkit he artfully and groundbreakingly combines the archaic with the contemporary and thus is a real genious of his art." Westdeutscher Rundfunk

"Leahkit is an experience you can't protect yourself against." Finnmark Dagblad

"A rare, meditative experience, with its own kind of peace." Scenekunst.no

"It's hard to mix traditional dance with joik, but they have made it with unbelievable success." NRK Sápmi

Sjå også Teater Innlandet sin omtale: http://www.teaterinnlandet.no/leahkit/

 

Verdenspremiere: Juli 2015 i Tyskland.

Co-produksjon med FRIKAR, Beaivváš Sámi Našunálateáhter og Dansens Hus.

Visninga var støtta av Kulturrådet, Oppland og Valdres.

#Joik
#Halling
#Trance
#Contemporary dance
#Sami culture

Unexpectedly mystical and utterly compelling, not least because both men are masters of their art

Mary Brennan
The Herald

Hansegård has a strong stage presence. One of NordDance’s more challenging, yet memorable, works

Kelly Apter
The Scotsman

In Leahkit he artfully and groundbreakingly combines the archaic with the contemporary and thus is a real genious of his art

Babette Michel
Westdeutscher Rundfunk
PRESSEFOTO LEAHKIT
Her kan du laste ned pressefoto. Fotograf lyt krediterast.
Teknisk rider
Her kan du laste ned tekniske spesifikasjonar
BOOKING

Epost: booking@frikar.com

Mobil: (+47) 47611547