Kompani

Anna Opsahl

Dansar og medlem av FRIKAR X - scenisk folkedans

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

 

Anna Opsahl, 19 år, er frå Valdres og er trent i både folkedans, kungfu og moderne dans. Ho solodebuterte på kappleik i 2019 og har tidlegare vore med FRIKAR jr på opninga av Ungdoms-OL i 2016. Anna dansa i FRIKAR si oppsetjing Draumefangaren i både 2018 og 2019.

"I sommar var eg med som dansar i Draumefangaren i Åbjøra. Det var ei fantastisk oppleving å danse med dei profesjonelle dansarane der. Det ga meg ein heilt unik moglegheit til å utvikle meg og eg lærte mykje om koreografi, teater og scenekunst. Deltakinga i Draumefangaren har nok bidratt til at eg har fått mange danseoppdrag i både Valdres og Oslo hausten 2019."

Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Eg har alltid vore fascinert av akrobatikk og ulike måter å bevege kroppen på. Det byrja med at eg dreiv med den kinesiske kampsporten Kong Fu, men så låg eg merke til at eg kunne bruke mykje av dette bevegelsesmønsteret i dans og då var det gjort!

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

For meg har talentutviklingsprogrammet FRIKAR X bidratt til at eg har blitt ein meir allsidig dansar! Det gir meg moglegheita til å danse med mange ulike talentfulle dansarar, pluss at alle workshopsane er veldig inspirerande.

FRIKAR X gir meg allsidig erfaring med forskjellige dansestilar så eg utviklar meg ennå meir. Sånn eg ser det kan FRIKAR X lære meg så mykje at eg kan leve av dansen ein dag.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein