Kompani / Verk

FRIKAR: Draumefangaren

FRIKAR: Draumefangaren

Draumefangaren 2021 er kansellert. Etter grundige vurderingar har vi i FRIKAR konkludert med å kansellera årets Draumefangaren som fylgje av Covid-19 og smittevernsituasjonen. Me gjer dette med eit tungt hjarte, det er mange tilbakevennande publikumarar som har lyst til å ha med seg folk som ikkje har fått sett Draumefangaren enno.  Men FRIKAR har eit ansvar for å vidareføre og sikre framtidige prosjekt samt forvalte kompaniet på ein forsvarleg måte. 

MERK: Alle som har kjøpt for 2021 får eit val mellom refundering og gåvekort. Dette skjer i form av ein e-post frå ticketco, kor ein får ein link ein må trykkje seg inn på og velgje mellom desse to. Refunderinga skjer då innan 5 verkedagar. 

Spørsmål om billettar kan òg rettast til TicketCo på support@ticketco.no.

Sjå pressemelding og informasjon om å bytte inn billetten din til verdikupong eller refundering her.  

#FRIKAR
#FRIKARX
#VANDREFORESTILLING
#Outdoor
"PÅ GRENSA TIL GALSKAP"

Vandrevisning 23.-25.juli & 29.juli-1.august 2020

"På grensa til galskap" og "hjernen får næring å tygge på" er tilbakemeldingar frå pressa.

 “Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur.  Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heilt på neglebitarstadiet.” - Leiaren i Avisa Valdres.

Opplev FRIKARs utselte publikumssuksess frå 2018, no i ny versjon! Ver smart og sikre deg billett før det blir utselt igjen. Og kanskje denne opplevinga er årets julegåve?

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd!

"Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” - Oppland Arbeiderblad.

Vatnet har i tusenvis av år slipt seg gjennom Åbjørajuvet. I fossane er det kvitt, i kulpane svart. Vi har laga ei kvit, snill løype og ei svart, utfordrande løype du kan velgja mellom.  Begge er 2,5 km lange. Du møter eit 20-tals kunstnarlege innslag av dans, performance, nysirkus, musikk, skulpturar og installasjonskunst. Til slutt møter du alle publikumarar og utøvarar til ei 45 min danseframsyning ved ein foss.

Sjå trailer: https://vimeo.com/frikar/draumefangaren

Verdspremiere: 1. august 2018  

Praktisk informasjon: 

Framsyninga startar kl. 18:00 og varer i ca. 4 timar.

Det er parkering og registrering ved sandtaket 200m aust for Mønobrua retning Vestringsbygda.

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. 

Området er rekna for å være ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyte alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber vi om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Husk å ta med søppel heim. Vi tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe og enkel bevertning nede i juvet.

Vil du ver friviljug? 

Ein god produksjon er vanskeleg å få til utan våre fantastiske friviljuge. Vi treng folk til ulike oppgavar rundt produksjonen. Oppgavane er alt frå vakthald og parkering til billettsal og informasjon. Meir informasjon kjem snart! 

 

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård

Komponist: Bjarne Kvinnsland

Koreografi assistent: Jon Filip Fahlstrøm

Kostymedesign: Marita Solhjell Ølander

Scenografi: Hallgrim Hansegård

Sikringssjefar: Martin Norman og Ulvar Arnkværn

Medskapande dansarar: Anita Vika Langødegård, Håkon Håvelsrud Odden, Sudesh Adhana, Jon Filip Fahlstrøm, Antero Hein, Ornilia Percia, Sigyn Åsa Sætereng, Isabel Ingvoldstad, Michael Aspli, Nora Martine Svenning, Sara Enger Larsen, Toppidrett FRIKAR og elevar ved FRIKAR kulturskule

Medskapande musikarar: Rolf-Erik Nystrøm, Juliana Venter og Eirik Raude

Sirkusartist: Karoline Aamås

Diktet Draumefangare er skrive av Knut Buen.

Videotraileren er laga av Jørn Ranum Nyseth.

Foto: Antero Hein

 

 

Takk til: 

Våre støttespillere: Sparebankstiftelsen DNB, Norsk Tipping, Kulturrådet, Oppland fylkeskommune, Sparebankstiftelsen Hallingdal, Fond for utøvende kunstnere, Eckbos legat og Skagerak Energi. 

 

Våre samarbeidspartnere: Talent Norge, Valdres natur- og kulturpark, Teater innlandet, Ål kulturhus, Kraftriket, DNT Valdres og grunneigere Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Ole Tor Kulterstad.