Kompani / Verk

GESTR

Ei varm framsyning om gjestfridom

Gjestfridom er ein raskt forsvinnande verdi i verda. Er vi den siste generasjonen som opplever at det bankar på døra? Burde gjestfridom vore på UNESCO si fareliste for immateriell kulturarv? 

Kva er det vanskelegaste å servere når er vert i dag? Tilgjengeligheit? 

I FRIKARs GESTR har Sudesh Adhana og Hallgrim Hansegård blitt inspirert av gamle, lokale tradisjonar som Upanishadene og Håvamål for å kaste lys på ekstreme aspekt ved relasjonen mellom vert og gjest. Ut frå dette har det vokse fram særeigne bevegelseskvalitetar og koreografiar til musikk av Amina Sewali.

Som vertar i GESTR har FRIKAR gleda av å invitere publikum som gjestar og gjennom strategiar frå ulike type besøk ynskjer vi å skapa rom for å bli kjent på nye måtar. GESTR er som eit sendebod kor du er ekstra verdifull for vertane. 

#Dans
#Teater
#Musikk
#Gjestfridom
#Interaktiv kunst
Praktisk informasjon: 

 

Alle publikumarane er med i scenerommet og kan velgja mellom å stå og sita på golvet. Trengande vil få tilbudt stol. Teaterrøyken er godkjent også for asmatikarar. Nedre aldersgrense er tre år, tilrådd aldersgrense er åtte år. 

 

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård og Sudesh Adhana

Komponist: Maja Ratkje

Dramaturg: Thomas Schaupp

Kostymedesign og scenograf: Corentin JPM Leven

Lysdesign: Olav Nordhagen

Framsyninga er samprodusert med Teater Innlandet og Fjelldansen - regionalt kompetansesenter for dans. Ho er støtta av Kulturrådet og Fritt Ord. 

 

Foto: Antero Hein

 

 

Takk til: 

Samprodusentane Teater Innlandet og Fjelldansen regionalt kompetansesenter for dans. 

Stønadsgjevarane Kulturrådet og Fritt Ord.