Kompani / Verk

Veggdans

Wall dance

Opplev byrommet eller fjellet på ein heilt ny måte! FRIKAR sin veggdans opnar publikum sine augo på ny og gjev ei annleis oppleving av vante plassar. 

Eit døme er veggdansen vi gjorde på rådhuset i Bergen då FRIKAR var hovudartist under Festspillene i 2010. Rådhuset er kjent som ein litt keisam bygning som bryt med byggjeskikken i Bergen og skil eliten frå almuen. Veggdansen kunne ein sjå frå begge sider av Lunggårdsvatnet, frå ulike vinklar og avstandar. "Aldri har rådhuset vært så fint", høyrde vi blant publikum. 

FRIKAR er ein av pionerane i verda innan veggdans og vi har spesialisert oss på poetiske duettar. Vi har eksperimentert med både statiske tau og elastiske bungeestrikkar, og arbeidd i urbane byrom så vel som på ekstreme plassar i naturen. Veggdans er særleg ynda kunstnarleg innhald til opningar av nye bygningar. Nokre døme på situasjonar vi har dansa i: 

  • Fira Mediterranea, på rådhuset i Manresa, festival i Spania
  • Open Look, samtidsdansfestival i St. Petersburg, museet for samtidskunst
  • Festspillene i Bergen, opninga på Koengen og på rådhuset
  • Norsk Fjellfestival, Åndalsnes
  • Fjærheia utandørsteater
  • TidarÅ, i Frya-juvet i Gudbrandsdalen. For Peer Gynt AS
  • Bukkerittet-turné i Italia. Ned kyrkjespira i Amalfi, Ravello, Sorrento og Ischia
  • Julekonsert for fattige, Oslo domkyrkje
  • Opninga av Valdres Lokal-Medisinske Senter
  • Opninga av Gjøvik Kino
  • Opninga av Amfi kjøpesenter i Valdres
  • Private arrangement i Oslo

Ved interesse for å tinge veggdans, send foto av ynskt fasade til booking@frikar.com, så vurderer vi om vi skal sende tryggleiksteknikar på synfaring, eller om ein utfrå bilda kan fastslå om prosjektet er mogleg eller ikkje. Stort sett får vi til veggdans over alt. 

#Outdoor
#Dance
#Abstract
#Wall
#Vertical

Wildly inventive dance ensemble

Evangeline Kim
National Geographic
Booking

Epost: booking@frikar.com

Mobil: 47611547