Kompani / Prosjekt

FRIKAR-tevlinga

Den originale ein-mot-ein-tevlinga i halling!

FRIKAR-tevlinga tek oppatt tradisjonen frå 1800-talet med å kappdanse ein mot ein. Meir spennande blir ikkje halling! 

DATO: 25-26 mars

STAD: FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal i Valdres

PRIS: 100 kr for born under 16 år, 150 kr for vaksne, 1000 kr for full helg med fire workshopar, fire måltid og deltaking i tevlinga. Syskenrabatt for full helg er 200 kr pr pers. 

DOMMARAR: Mads Bøhle, Daniel Grindeland og Bjørn Strand

PROGRAM

25 mars kl 12.00 - 14.30: Akrobatikkøkt på trampoline, airtrack og golv leia av Gjermund Bråten. Gjermund er snøbrettkøyrar og hallingdansar. Han tevla i finala i slopestyle i Sochi-OL, og har vore i den absolutte verdseliten i snøbrett. Han har junior-norgesmeister i halling. 

25 mars kl 15.00-17.00: Seminar om battle-situasjonen leia av Daniel Grindeland. Daniel er ein av Nordens beste bboys, han er med i Absence crew, er fleire gonger norgesmeister og har kvalifisert seg til Redbull BC One Western Europe fleire år på rad. I dette seminaret vil han ta med seg deltakarane inn i dei fysiske og mentale sidene av battle-situasjonen. 

25 mars kl 19-21.30: Opning ved Anita Vika Langødegård og Jan Beitohaugen Granli. Så kappdans jr og sr. Musikarar: Margit Myhr, Jan Beitohaugen Granli og Ingrid Lingaas Fossum. 

25 mars kl 21.30: Sosial dans med musikarar frå tevlinga og andre. Springar og gamaldans. 

26 mars kl 10-11.30: Workshop i bboying (breakdance) med Daniel Grindeland. 

26 mars kl 11.30 - 18: Workshop i bruk av teaterlys ved Jan Harald Ovrum. 

FRIKAR-tevlinga og/eller seminara er støtta av Kulturrådet, Valdres Natur- og Kulturpark og Sparebankstiftelsen DnB

#Halling
#Breakdance
#battle
#folkemusikk
#FRIKAR-tevlinga

Du får impulsar frå den du dansar mot som kan inspirer til nye kombinasjonar og sprell i augneblinken.

Det er også meir interessant å kommunisere med nokon du får svar av. Å danse på kappleik blir på ein måte ein monolog, mens hallingbattle blir meir dialog.

 

Ådne R. G. Kolbjørnshus
Til bladet Folkemusikk

Eg elskar å tevle to mot to. Då får ein høve til å syne fram alt ein har utan å måtte tenke på oppbygning og avslutning.

Eg tykkjer det vert ekstra lett å leve seg inn i dansen og musikken då.

 

Mikkel Aasberg Arnesen
Til bladet Folkemusikk
PRESSEFOTO FRIKAR-TEVLINGA
Her kan du laste ned pressefoto. Fotograf lyt krediterast.
PÅMELDING TIL TEVLING

Epost: anders@frikar.com

Mobil: (+47) 958 19 840