Kompani

Sikia Chi Masters Heien

Dansar og tidlegare medlem av FRIKAR X
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Sikia Chi Masters Heien (17 år) kjem frå Stavanger og bur i Oslo. Ho har røtter frå Rogaland, Vest Afrika, Jamaica og USA. I tillegg til å ver dansar er Sikia jazz-gitarist, sangar, skodespelar og idrettsutøvar.

Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Eg har alltid elska å utfalde meg og kroppen min på ulikt vis og gjennom god energi. Til dømes ved å klatre i tre, synge namna til borna i barnehagen, begeistringa og gleda ved å balansere på steingardar og rullesteinstrender på Jæren, løpe barbeint på strender, turne i sanddynane, keppleike med bølgjene, svømme under vatn, lage eigne stiar i naturen og flette blomekransar. 

Mitt fyrste møte med caribisk dans var saman med mamma på dansekurs då eg var liten. Vendepunktet kom då eg var tolv år og oppdaga kulturen og kjærleiken i caribisk dans på ei dansereise til Havanna, Cuba. Seinare begynte eg med norsk folkedans i 2017 i danseprosjektet Bygda Dansar - Rogalender.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

Gjennom FRIKAR X får eg oppdage essensen og kvalitetane i norsk kulturarv og folkedansen. Det tar meg inn i sceniske utrykk kor vi smeltar saman fleire kunstutrykk i dansen. Eg er ein person som er open tar til meg alt eg kan lære og oppdage og i FRIKAR X møter eg ulike disiplinar, samtidig som eg er ein ung dansar midt inni dei ordlause sanseprosessane. 

Vi har eit veldig godt og inspirerande samspel i heile ensemblet. Dette er veldig kjekt og eg er takksam for å ver ein del av FRIKAR X.  

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein