Pilates

Kvar torsdag i Utsikten
pexels-gustavo-fring-3984353.jpg

No er det ope for gruppeundervisning og me ynskjer gjerne å invitere til pilates - drop-in. 

Pilates er ein treningsform som utvikler styrke og bevegeligheit, god kroppshaldning og kroppsbevisstheit. Hovedmålet er å få ein funksjonell kropp som beveger seg utan å anstrenge seg: ein kropp i balanse.

Pilates har fokus på trening av kroppen sin kjernemuskulatur, særskild magemuskulaturen, som gir ryggen bedre fleksibilitet og styrke. Pusten er eit bærande moment i pilates, og betrar lungekapasiteten samtidig som han er med på å aktivere den djupare magemuskulaturen og gjev god flyt i alle rørsler.
Pilates som treningsform kan tilpassast alle nivå, og er ypperleg også for deg som ikkje har trena på ei stund eller ynskjer ein treningstime med god effekt utan belastning på ledd og kne.

Dette er drop-in så det er berre å møte opp på FRIKAR-SMIA torsdag kl 19:15. Betaling skjer vi Vipps og er 100 kr for kvar gong.

Velkommen skal de vera!

 

Meld deg på kurset