Kompani

Sara Enger Larsen

Dansar og medlem av FRIKAR X
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Sara Enger Larsen (1992) er frå Moss og byrja å danse før ho kunne gå! Ho starta på barneballett berre fire år gamal og sida dette har ho fått ei solid danseerfaring og utdanning. Bland anna har Sara gått på ballettlinja på Fagerborg VGS, på Musikallinjen på Balettakademien i Gøteborg og tre år på Kunsthøgskolen i Oslo for bachelor i jazzdans.

Hjå FRIKAR er ho å sjå i Draumefangaren og kjem til å ver med i vår kommende produksjon Kvite Skuggar som har permiere våren 2020.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Eg dansa før eg kunne gå, og har alltid vore glad i musikk og bevegelse. Då eg starta som miniballerina var det mykje leik og dans og etterkvart kom meistringa òg. Dette ga meg drivkraft til å fortsette. Kroppen er kul, den har så mange moglegheiter og begrensninger. Det er utruleg fascinerande!

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

Eg vert utfordra i andre stilar, tradisjonar og bevegelsesprinsipp. Eg set utruleg stor pris på fellesskapet og ressursane i ein elles ganske einsam frilanstilværelse. Det gir fysisk, kunstnerisk og fagleg påfyll å høyre til FRIKAR X både når det kjem til jobb og anna produksjon.

I framtia vil eg lære meir om fleire bevegelsesprinsipp for å sjå kva det kan tilføre bevegelsesspråket mitt.  Eg ynskjer òg å undersøkje vidare kva eg kan tilføre FRIKAR og FRIKAR X.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein