Kompani

Michael Aspli

Dansar og medlem av FRIKAR X
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Michael Aspli (1997) kjem frå Orkdal i Trønderlag og har bakgrunn frå det urbane dansemiljøet der. Han starta med breakdance som elleveåring og er no utdanna i fordjupning i samtidsdans frå Norges Dansehøyskole. 

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Kva inspirerte deg til å byrje å danse?

Då eg var liten hadde eg mykje energi. Mine fyrste minner er frå å leike åleine i skogen rett på andre sida av vegen frå huset vårt og å klatre til topps i dei høge trea i hagen.

Då eg byrja på skulen fann eg andre måter å få ut energien og nyfikheita på. Eg og eit par kompisar øvde på å stå på henda, ta backflips og andre triks. Til slutt melde me oss på turn. Leik og utforskning av moglegheitar var det som motiverte meg.

I 6.klasse var eg med på ein helgeworkshop i breakdance. Det var ikkje noko miljø for dans som uttrykksform der eg kjem frå, så når ei omreisande workshopgruppe kom til bygda mi, opna det seg ei heilt ny verd. Etter eg hadde vore med på workshop med dei, rydda eg vekk bord og stolar i stua, søkte på youtube "korleis breake", og eg vart heilt hekta.

Det som inspirerte meg til å byrje å danse var med andre ord breakdance og hiphop-kulturen. Eg vart inspirert av å alltid kunne lære noko nytt, ei meistringskjensle av å lære meg det som verker umogleg. Det er denne higinga etter å utvikle meg utover mine eigne evner og inn i noko eg tidlegare trudde var umogleg, som er grunnen til at eg dansar. Det er grunnlaget for både interessa mi i dans, kunst og alt anna eg er interessert og inspirert av.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

FRIKAR X har bidradd til utviklinga mi på veldig mange måtar. Den mest openbare er korleis FRIKAR har auka kompetansa mi i ulike bevegelseskunstar. Alt frå å introdusere meg for norsk folkedans og den unike kulturen, teknikken og estetikken i folkedansen. Men òg gjennom å invitere prominente workshop-haldarar i ulike bevegelsesfilosofiar frå det internasjonale dansefeltet. Dette har heilt klart auka kompetansa mi og forståinga av dans som teknikk og kunst. 

Eg føler at FRIKAR X tar meg og mitt virke som dansekunstnar seriøst. Min eigen praksis og skaparevne har òg gitt meg forståing og rom for utvikling. Noko eg set veldig stor pris på! 

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein