KURS Hausten 2020

FRIKAR Akademiet opnar att
Les meir og ting no
Les før trening på Akademiet
Les meir og ting no
Undervisning med frigjerande kraft!

I 2012 starta FRIKAR-Akademiet å undervise born og ungdommar i FRIKAR-SMIA. Me legg vekt på å skapa læringssituasjonar der du kan fri deg sjølv frå fysiske og mentale  sperrer. Me forsøker å gje deg sjansen til å bli modig, leiken og skapande i all undervisninga vår. 

Me tilbyr klasser fleire gonger i veka innan ulike sjangrar, men det går også an å bruke FRIKAR-Akademiet som eit supplement for ivrige elevar ved dei kommunale kulturskulane. 

Dei eldre elevane vil bli tilbudt å opptre saman med dei profesjonelle dansarane i FRIKAR under Draumefangaren 22.-25. og 28.-31 juli 2021. 

Påmelding skjer her på frikar.com under det enkelte produktet. Du treng ikkje vera logga inn på PayPal for å betale. Har du spørsmål kan du ta kontakt med dagleg leiar Ann-Merete Haraldsen Lund på ceo@frikar.com. 

God trening!