Barnedans 3-5 år hausten 2020

Dansemoro!
c700x420.jpg

FRIKAR ynskjer å gje dei minste eit tilbod kor dei kan bli glade i dans og grunnleggjande leikar ein seinare kan byggje vidare på.

Barnedans er ein tilrettelagt time for dei mellom 3-5 år. Her vil barna få ein trygg utforsking av dansen gjennom lekbaserte øvingar som opparbeider rytme, dynamikk, og nokre dansetekniske ferdigheter gjennom motorisk tilpassa øvingar.

Timen har fokus på danseglede og vi blandar musikkutrykk tilpasset alderen.

Kontakt Ann-Merete på ceo@frikar.com for spørjemål eller om det problem med betalingsfunksjonen.

 

Om instruktøren Ann-Merete Haraldsen Lund

Ann-Merete er utdanna ballettpedagog med ein bachelorgrad fra Den Norske Balletthøyskole, Oslo. Ann-Merete har undervist i ulike dansesjangrar ved ballettskuler i Oslo og omegn gjennom mer enn 20 år. Ho har fordjupning i jazzdans og klassisk ballett, men har òg undervist i barnedans, stepp dans, moderne dans, hip hop, showdans og ballett for vaksne. 

Om å undervise seier Ann-Merete: "Mitt hovedfokus som pedagog gjennom ei årrekke har vore å fremme danseglede og utvikle danseferdigheiter gjennom god oppfølgjing, instruksjon og heiarop på vegen. Alle føtter kan danse, og dansen utvikler god kroppskontroll, styrke, fleksibilitet, rytme og balanse. Men viktigast likevel: meistringsfølelse og evne til å utrykkje følelser gjennom dansen."

Merk at det er bindande påmelding og at semesteravgifta forfaller ved oppstart.  

Meld deg på kurset