Les før trening på Akademiet

FRIKAR-SMIA-ballettsal.jpg

I samarbeid med kommuneoverlegen i Nord Aurdal har me sett i gong følgjande tiltak for å sikre treninga for elevane:
• Skift til treningsklede før de kjem til timen.
Maks 20 elevar kan trene samstundes.
• Elevane må skiljast etter bostadskommune. Kvar kommune får eigen inngong. Inngongane vert skilta med kommunenamn. 
• Alle klassane vert flytta til gymsalen for å kunne ha mest mogleg plass. 
• Inga krav til aldersseparering.
• Me spritar henda før og undervegs i treningsstimen.
• Instruktørane skal bruke munnbind. 
• Prøv å ver observant på kva du er borti, for å redusere antal kontaktpunkt.
• Sjuke born skal ikkje kome til timen.
Me oppmodar føresette om å vente utanfor og ikkje bli med inn i FRIKAR Smia.
Kontakt ceo@frikar.com om du har spørjemål.