FRIKAR Akademiet opnar att! I samarbeid med kommuneoverlegen i Nord Aurdal har me sett i gong følgjande tiltak for å sikre treninga for elevane:
- Maks 20 elevar kan trene samstundes.
- Elevane må skiljast etter bostadskommune. Kvar kommune får eigen inngong. Inngongane vert skilta med kommunenamn.
- Inga krav til aldersseparering.
- Me spritar henda før og undervegs i treningsstimen.
- Instruktørane skal bruke munnbind.
- Alle klassane vert flytta til gymsalen for å kunne ha mest mogleg plass.
- Me oppmodar føresette om å vente utanfor og ikkje bli med inn i FRIKAR Smia.
Huks at sjuke born ikkje skal kome på trening.
Me ynskjer at ein føresett frå kvar kommune kan hjelpe til med å fylgje kommunegruppa si inn til gymsalen. Dette er for å få ein smidig gjennomføring av treningstimane opp mot krava. Me delar ut munnbind til dei som fylgjer kommunegruppa si inn.
På førehand takk og me gler oss til å starte att!