Gatedansen frå New York som tok verda med storm! Susanne Olsen er utdanna i London og deler "grooves & moves" frå urbane strøk.
KURS våren 2021
I 2012 starta FRIKAR-Akademiet å undervise born og ungdommar i FRIKAR-SMIA. Me legg vekt på å skapa læringssituasjonar der du kan fri deg sjølv frå fysiske og mentale sperrer. Me forsøker å gje deg sjansen til å bli modig, leiken og skapande i all undervisninga vår.
Me tilbyr klasser fleire gonger i veka innan ulike sjangrar, men det går også an å bruke FRIKAR-Akademiet som eit supplement for ivrige elevar ved dei kommunale kulturskulane.
Dei eldre elevane vil bli tilbudt å opptre saman med dei profesjonelle dansarane i FRIKAR under Draumefangaren 22.-25. og 28.-31 juli 2021.
Påmelding skjer her på frikar.com under det enkelte produktet. Du treng ikkje vera logga inn på PayPal for å betale. Har du spørsmål kan du ta kontakt med administrativ leiar Trond Rogne på trond@frikar.com. God trening!