HIP HOP

Artig dans til heftige rytmer!

Gatedansen frå New York som tok verda med storm! Susanne Olsen er utdanna i London og deler "grooves & moves" frå urbane strøk. 

Hip Hop er ein sjanger med tett band mellom dans, musikk og bildekunst. Ein delar gjerne Hip Hop-kulturen i fire: Dans, MC'ing (rapping), DJ'ing og grafitti. Dansen har mange undergreiner, men dei mest kjende er breaking (breakdancing) og street dance (mykje brukt i musikkvideoar.) Det er den sistnevnte med går inn på i det vekentlege tilbodet her i FRIKAR, men me vil også invitere til verkstadar i breaking spesifikke datoar. 

Med Hip Hop får du trene rytme, musikalitet og koordinasjon i kombinasjon med mykje danseglede!  

Meld deg på kurset