Kompani

Sigyn Åsa Sætereng

Dansar og medlem av FRIKAR X

 

 

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Sigyn Åsa Øtereng (1998) kjem frå Akkarfjord i Finnmark og har bakgrunn frå både hiphop, breaking og samtidsdans. 

Allereie som fireåring byrja Sigyn med dans dans på kulturskulen. Ho vart heilt hekta frå starten av og då ho var femten flytta ho til Oslo for å gå på danselinja med streetdans-profil på Edvard Much Vgs. Like etter ho var ferdig med vidaregåade kom ho rett inn på talentprogrammet FRIKAR X, som er eit samarbeidsprosjekt mellom FRIKAR og Talent Norge.

Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Heilt frå eg var liten av var eg med mamma for å sjå på danseframsyningane og klassane til storesøstera mi og alle dei store ungane. Men eg klarte aldri sittje stille og sprang alltid ut på golvet for eg ville jo ver med og danse med dei!

Dans og bevegelse har alltid vore ein del av min natur.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis bidrar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

FRIKAR X bidrar til å sprenge grensene mine. Det gir meg rom til å utfordre og utfalde bevegelsesspråket og fysikken min og samstundes ha kontinuitet med det eg gjer. 

Framover ser eg fram til å få ei ennå betre forståing for norsk tradisjonskultur og folkedans. Eg vil eigentleg lære mest mogleg, utfordre meg sjølv maksimalt og utvikle meg fysisk og kunstnerisk.

Gjennom FRIKAR X ynskjer eg å knytte gode band med bevegelseskunstnarar på tvers av ulike sjangre. Samhald og å knytte band er utruleg viktig når ein er ein del av ei gruppe som FRIKAR X. Her vil vi gå ut av eit prosjekt med andre med same erfaring, så vi kan fortsetje å byggje vidare på dette i lag. 

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein