Kompani

Elias Bäckebjörk

Med mange minne kopla til dyr og natur, pregar dette fantasien Elias nyttar i dansen

Elias Bäckebjörk

Med mange minne kopla til dyr og natur, pregar dette fantasien Elias nyttar i dansen. Elias Bäckebjörk vaks opp på ein gard i Sverige, og dette skulle legge grunnlag for kven han er i dag.
 
Elias: For meg har dans alltid hatt ei sterk tilknyting til naturen og eg gler meg til å kunne vise noko som ikkje har effekter eller filtre som ei scene gir. Det er spennande at dansare kan finne moglegheiter utanfor byar og ta dans til uforutsigbare forhold i naturen som Noreg spesielt kan tilby.
 
Musikk og rytme har alltid inspirert meg, samt rørsle i seg sjølv. For meg er dans å kunne kommunisera noko du eigentleg ikkje kan beskrive med ord.
 
Det gjer meg mykje at det me jobber med i GANDR er kopla til historie, og at dansen har hatt ei viktig rolle i det å skapa samhald hos menneske