Pilates hausten 2020

Hausten 2020 ynskjer vi velkomne til pilates hjå FRIKAR!

Pilates er ein treningsform som utvikler styrke og bevegeligheit, god kroppshaldning og kroppsbevisstheit. Hovedmålet er å få ein funksjonell kropp som beveger seg utan å anstrenge seg: ein kropp i balanse.

Pilates har fokus på trening av kroppens kjernemuskulatur, særskild magemuskulaturen, som gir ryggen bedre fleksibilitet og styrke. Pusten er eit bærande moment i Pilates, og forbetrar lungekapasiteten samtidig som han er med på å aktivere den djupare magemuskulaturen og gir god flyt i alle bevegelsar.
Pilates som treningsform kan tilpassast alle nivå, og er ypperleg også for deg som ikkje har trent på ei stund eller ynskjer ein treningstime med god effekt utan belastning på ledd og knær.

Kurset går over 14 veker. Det er ikkje anledning for Drop in timer, då vi ynskjer å ivareta kursdeltageranes flyt, kontinuitet og framdrift i kurset.

Medlemspris er 1500kr for deg med gyldig brikke hjå FRIKAR Treningssenter. Bruk koden pilatesmedlem ved betaling. 

 

Om instruktøren Ann-Merete Haraldsen Lund

Ann-Merete er internasjonalt sertifisert Pilates instruktør gjennom STOTT Pilates Certification Program, Canada. Ho er sertifisert på alle nivå innen Pilates matte og reformer(Pilates apparat).

Ann-Merete har eid og drifta sitt eige Pilates studio i Lillestrøm utenfor Oslo gjennom meir enn 5 år, samt undervist Pilates i bedrift og ballettskoler i Oslo og omegn. Ho har trent Pilates i meir enn 30 år, og har eit stort repertoar som enkelt tilpassast ulike nivå.

Om Pilates seier Ann-Merete: "Pilates har vore ein livbøye for kroppen gjennom heile mitt vaksne liv. For skakkkjørte ryggar, vonde skuldre, dårlege kne eller andre vondtar, er Pilates redninga. Fokuset på pust som eit bærande element i Pilates treninga, har òg vore godt for høge skuldre og det å takle høgt stressnivå. Pusten og alle fokuspunkta i Pilates øvingane, gir meg eit avbrekk fra kvardagens krav og mange tankar, og eg føler med veldig tilstade i augneblinken når eg trener Pilates. Anbefales alle kvardagsmennesker😊".

For spørsmål og påmelding kontakt Ann-Merethe på ceo@frikar.com.

Bli med på verkstaden!

Mann
Kvinne