FRIKAR er kompaniet som har revitalisert norsk folkedans og løfta den inn i samtida med kraft, nytenkjing og heilskap. Me er internasjonalt kjende etter sigeren i Eurovision Song Contest 2009 saman med Alexander Rybak, og har sidan gjort folkedansen tilgjengeleg for eit breitt publikum gjennom nye format – frå sceniske produksjonar til vertikale fasader og utandørs naturarenaer.
For eventbransjen leverer me høgtsvevande augneblink: Groovy folkedans, akrobatikk og vertikal dans som forvandlar bygg til levande landskap. Med kontemporære uttrykk tufta på eldgamal kunnskap skaper me eineståande augeblikk som løftar arrangementet til noko uventa, poetisk og spektakulært.
Kontakt og booking kan rettast til Kirsti Buchanan Ulvestad: (+47) 92080587 / prod@frikar.com