Sigyn Åsa Øtereng (1998) kjem frå Akkarfjord i Finnmark og har bakgrunn frå både hiphop, breaking og samtidsdans.
Allereie som fireåring byrja Sigyn med dans dans på kulturskulen. Ho vart heilt hekta frå starten av og då ho var femten flytta ho til Oslo for å gå på danselinja med streetdans-profil på Edvard Much Vgs. Like etter ho var ferdig med vidaregåade kom ho rett inn på talentprogrammet FRIKAR X, som er eit samarbeidsprosjekt mellom FRIKAR og Talent Norge.