Kompani

Nora Martine Svenning

Dansar og medlem av FRIKAR X
Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein

Nora Martine Svenning er tjueni år og kjem frå Haslum i Bærum. Ho begynte på barnedans då før ho var fire år gamal og fortsatte på den lokale ballettskulen med både jazz og ballett. Då ho var ti år starta ho på Operaens Ballettskole, og seinare på KHiO Ba Klassisk Ballett då ho var seksten. 

Kva inspirerte deg til å begynne å danse?

Eg starta så tidleg at eg huksar ikkje det, men dans har alltid vore ein stor og naturleg del av livet mitt. 

Eg vert inspirert av mykje forskjellig. Til dømes av mennesker, andre dansarar og koreografar, andre typar kunst og kunstnarar, natur, å danse saman med andre, opplevingar, musikk, dagdrøyming, vitskap, historie - eigentleg er det ikkje mange ting som ikkje inspirerar meg! 

Kanskje mest av alt er gleda i å bevege seg og å uttrykke seg gjennom kroppen.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein
Korleis birar talentprogrammet FRIKAR X til di utvikling som dansar?

FRIKAR X gir meg ein kontinuitet og framdrift i utviklinga min som eg set veldig stor pris på. Gjennom workshopane og treningssamlingane, som kvar og éin er både inspirerande, lærerike og utfordrande, veks vi som gruppe og individ. Som gruppe utfordrar vi kvarandre og eg tykkjer vi har eit veldig godt fellesskap. Vi er ganske ulike når det kjem til sjangerbakgrunn og erfaring, og det er veldig fin fordi vi lærar mykje frå kvarandre i tillegg til alt det faglege innhaldet på samlingane. 

Eg vil fortsetje å utfordre meg sjølv til å vakse som dansekunstnar på fleire områder. Særskild det kunstneriske, fysiske/bevegelsesmessige, men eigentleg i alt arbeidet rundt det å ver dansekunstnar.

Eg føler eg får utfordringar, fagleg påfyll, støtte, veileiing og råd på alle desse områda gjennom FRIKAR X.

Foto: Antero Hein
Foto: Antero Hein