Live Skullerud
"Eg er opptatt av å gi rom til det menneskelege, det leikne og det sårbare."
Live likar også å kunne ta med seg dansen til ulike område, som i naturen og i byrommet. – Slik som med GANDR gler eg meg til å skape ein inkluderande og engasjerande oppleving som gir publikum nærheit til natur, rørsle, seg sjølv og kvarandre!
Generelt er Live glad i fridomen som ligg i improvisasjon og moglegheita til å ta val i augeblinken - særleg i samspel med andre dansare!
Live er ikkje redd for å ha mykje å gjere, då ho i tillegg planlegg drifta av sitt eige dansekompani i Fredrikstad, samt eigne soloframsyningar ved sidan av til hausten. Før ho startar opp for fullt med dette samlar ho inspirasjon og nytenking i Valdres saman med dei andre dansarane i FRIKAR.