Kompani

Laura Perrot

"Når dans blir meir enn berre skjønnheit, når poetiske og magiske augneblink overraskar publikum og når dyret i oss blir i eitt med rytma"

Laura Perrot

Laura er ein fransk dansekunstner som vert uteksaminert med ein master i scenekunst frå NSCD i England (2013-2017). Ho starta som lærling hos Ace Dance and Music i Birmingham (Uk). Vidare har ho jobba med forskjellige prosjekt i England, Belgia og Italia, før ho slutta seg til imPerfect Dancers Company i 2018, der ho dansa i tre år med koreografen Walter Matteini, og opptrådte internasjonalt.

For tida bur Laura i Oslo som frilansar, og ønsker å kombinere ulike danseprosjekt, samt skapa eigne verk.

Laura: Eg er veldig stolt og spent over å kunne framføre «GANDR» med FRIKAR i sommar, noko som kjem til å vere ei fantastisk oppleving! Eg finn ikkje eit bedre sted å opptre og skapa kunst med fantastiske menneske enn i det spektakulære Åbjøra-amfiet. Å få kontakt med publikum, og å gjere dei til ein del av prosessen er noko eg verkeleg gler meg til.