Toppidrett FRIKAR

Norges einaste toppidrettsprogram i akrobatisk scenekunst - ope for heile landet

Valdres vidaregåande og FRIKAR starta hausten 2016 opp eit nytt toppidrettsfag som er unikt i Norge. Dette er det einaste tilbodet i landet med kombinasjonen av folkedans, samtidsdans og akrobatikk. Støtteaktivitetar er breakdance, nysirkus og vertikal dans. Koreografiutvikling, bevegelsesanalyse og mental trening er også viktige fag. I 2017-2018-sesongen går det fire jenter og tre gutar på Toppidrett FRIKAR. 

 

Toppidrett FRIKAR er med på danseshow i naturen kvart år. Foto: Cathrine Dokken. Utøvarar: Anita Vika Langødegård, Nora Svenning og Vebjørn Sundby
Toppidrett FRIKAR er med på danseshow i naturen kvart år. Foto: Cathrine Dokken. Utøvarar: Anita Vika Langødegård, Nora Svenning og Vebjørn Sundby

SØKNADSPROSESS: Nytt for skuleåret 17/18 er at elevar kan søkje seg inn frå heile landet, og så sant det er ledige plassar vil ikkje fylkesgrensene seta nokon stoppar for inntaket. Ved søknadsfristen 1. mars søkjer ein altså Idrettsfag på Valdres vidaregåande skule og spesifiserer i kommentarfelt at ein vil på Toppidrett FRIKAR. Her søkjer du. Og her finn du meir info frå vilbli.no.

KARRIEREMOGLEGHEITER: FRIKAR starta opplæringstilbod i 2008 for å gje unge talent moglegheiten til å realisere draumen sin om å bli yrkesutøvarar. Av seks utplukka 16-åringar, lev fire av dei som profesjonelle i dag! Eit døme er Ådne Kolbjørnshus som også har blitt norgesmeister i halling. Eit anna døme er Anita Langødegård som kom inn på Den Norske Baletthøgskulen etter at FRIKAR hadde skaffa ho eit halvt års moderne utdanning i India. Det er uvanleg at dansarar får så lett jobbar som det elevane til FRIKAR har fått. Det er vi stolte av.

Ulike høgskuleutdanningar som er nærliggande for elevar ved Toppidrett FRIKAR er

  • Danseutdanning, f.eks “moderne dans” ved Kunsthøgskolen i Oslo, eller Den Norske Dansehøgskolen. 
  • Folkedansutdanning ved NTNU, dei arbeider med å etablere ein utøvande bachelor
  • Sirkusutdanning i Sverige, Danmark eller Frankrike
  • Idrettshøgskolen

Men elevane kan få nok matematikk på Toppidrett FRIKAR til å søkje ingeniør, medisin etc. Dei vil då måtte ta påbyggjing fysikk, kjemi og biologi. Dette kan ein gjera gratis ved påbyggjing på Valdres vgs som eit fjerde år, eller ein kan gjera det på privatskular som Bjørknes

 

UNDERVISNINGA: FRIKAR vil undervise på Toppidrett FRIKAR, eit valfritt programmfag som blir 2 t 10 min på tysdagar og 2 t 10 min på torsdagar. Tilbodet er 100% gratis for elevane. FRIKAR sin filosofi «free yourself» vil gjennomsyre aktiviteten. Her handlar det om at kvar enkelt skal forsøke, og bli hjelpt til, å ta ut potensialet sitt som utøvande bevegelseskunstnar. 

Hovudlæraren Hallgrim Hansegård og gjesteinstruktørar vil ta utgangspunkt i enkeltindivida og skapa koreografiar for dei som utfordrar individuelt. Slik vil elevane bli hjelpt ut av komfortsonen og bli utfordra til å fri seg sjølv frå evnt scenisk frykt, sosial frykt, akrobatisk frykt. Dette handlar om å bli kjent med seg sjølv, oppleva meistringsglede og byggje sjølvtillit nok til å kunne by på seg sjølv som dansar. 

Visjonen til FRIKAR er «Moving through the unknown with ancient knowledge to inspire a sustainable future». I det ligg det å tore å bevege seg gjennom det ukjende, men ta med seg eldgamal kunnskap frå dei eldste kulturane i verda, for så å kunne inspirere til ei berekraftig utvikling av framtida. Difor bruker vi hallingdansen som ein av hovudteknikkane når vi trenar opp moderne dansarar, hallingen kan sporast tilbake til hellerristningane og er den eldste dokumenterte danseforma i Nord-Europa. 

Toppidrett FRIKAR vil også undervise i release-basert samtidsdans, improvisasjon og partnararbeid, samt element frå break dance og capoeira. Parkourakrobatikk, vertikal dans og tøyakrobatikk blir det også innføringskurs i. FRIKAR dreg inn gjesteinstruktørar der det er behov for det. 

 

LÆREPLANEN er elles delt opp i 1) Treningsplanleggjing, 2) Basistrening, 3) Dugleiksutvikling

1) Treningsplanleggjing. 

Treningsplanlegging på kort og lang sikt, og produksjon av eigne treningsplanar ut frå spesialidretten sine krav til planlegging. Treningsplanlegging omfattar også regelverk i spesialidretten, og kva haldningar og krav til atferd og livsstil som blir forventa av ein toppidrettsutøver. I dette faget vil vi også gje utøvarane innsikt i det å forstå og planleggje musikk og koreografi. Vi skal: 

  • vurdere krav til livsstil som blir stilt til ein toppidrettsutøvar
  • vurdere verdien av restitusjon, kosthald og vesketilførsel for prestasjonsutvikling i spesialidretten
  • forklare hovedstegai ei utviklingstrapp for dugleiksutvikling i spesialidretten
  • utarbeide kortsiktige og langsiktige mål for eigen prestasjonsutvikling i spesialidretten

2) Basistrening

Variert trening av egenskaper som er viktige for prestasjonsutvikling uansett dansesjanger og forebygging av skader i spesialidretten. Vi legg vekt på å gjera dette morosamt, som romorientering i trampolinehopping, balansetrening på slakk line, spensttrening på airtrack og turnmatter, bevegelegheitstrening med FRIKAR-yoga for å nevne noko. Vi skal

  • utvikle basisdugleikar som gjev grunnlag for auka treningsbelastning
  • gjennomføre skadeforebyggjande trening i spesialidretten

3) Dugleiksutvikling

Systematisk og målretta trening av dugleikar som er sentrale for prestasjonsutvikling i spesialidretten. Det blir i stor grad gjort gjennom koreografiarbeid som utfordrar utøvarane på dansetekniske dugleikar. Vi skal:

  • gjennomføre systematisk og målretta trening i spesialidretten
  • vise dugleikar i spesialidretten
  • opptre i samsvar med normer som blir krevd av en toppidrettsutøver
  • Forhalde seg til gjeldande regelverk i spesialidretten

 Kva er «spesialidrett» i vårt tilfelle? «Akrobatisk scenekunst» er eit uttrykk som kan romme ulike tilnærmingar til danseuttrykk. Alle på Toppidrett FRIKAR vil arbeide med individuelle og felles koreografiar utvikla for enkeltpersonane. I «nyskapt koreografi» ligg det også moglegheit til å definere dette som moderne dans. Men nokon elevar kan definere seg som hallingdansarar og få mykje oppfylgjing i det, samt å konkurrere i halling. Andre kan definere seg som moderne dansarar og få meir trening i moderne danseteknikkar. Det finst få relevante konkurranser i moderne dans, men her vil vi måle prestasjonane gjennom visning av koreografiar for levande publikum og for dansefilmar. 

 

TILLEGGSTILBOD

Utover Toppidrett FRIKAR som er 100% gratis og obligatorisk, så kan FRIKAR tilby friviljug, kveldsbasert undervisning i akrobatikk måndagar, halling på onsdagar, moderne på torsdagar og moglegheiten til å vera med i FRIKAR jr. FRIKAR jr  vil skaffe utøvarane oppdrag som gjev scenisk erfaring og litt lommepengar. Det er også ein nyttig sprettplanke for å koma seg inn i den profesjonelle verda med FRIKAR og andre dansekompani. 

I Valdres er det elles særs gode lærarar i ulike folkemusikkinstrument og folkedans. Vi har også eit levande miljø for klatring, ski og snøbrett.

 

 

KONTAKT

Ved spørsmål kan programsjef Hallgrim Hansegård bli kontakta på telefonnummer 47611547. Avdelingsleiar ved Valdres vidaregåande skule, Gunnar Slåtto, kan ein nå på 478 30 269.