Vertikal dans og sirkus for 5.klasse og oppover

Draumen om å flyge!
Akrodans klem.jpg

Vertikal dans og sirkus! Hovudfokuset blir på dans på veggar i klatretau og tøyakrobatikk, men det blir også turn på airtrack, trampoline og parakrobatikk. I tillegg planlegg me å organisere frittståande seminar med profesjonelle sirkusartistar. 

Dette kurset fokuserer mindre på spenst og eksplosivitet, og meir på mot og estetikk enn "Akrobatikk, tricking og halling". 

Eit spanande kurs kor alle vil føle utvikling og meistring samt moglegheita til å utfolde sin egen kreativitet i form av bevegelse. Oppvarming, styrke og tøying vert ein del av treninga for å forebygge skadar.

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

FRIKAR har instruktørar og fasilitetar i Norgestoppen for å lære bort akrobatikk. Dette inkluderar olympisk trampoline med bungeeselar, turnringar, 8x6m air track, parkourelement og tjukkassar - for å nemne noko!

Kontakt Trond Rogne på trond@frikar.com for spørsmål eller om det problem med betalingsfunksjonen.

Merk at det er bindande påmelding og at semesteravgifta forfaller ved oppstart. 

Meld deg på kurset