FRIKAR Akademiet opnar att

akrodans 7.jpg (1)

FRIKAR Akademiet opnar att! I samarbeid med kommuneoverlegen i Nord Aurdal har me sett i gong følgjande tiltak for å sikre treninga for elevane:

 

- Maks 20 elevar kan trene samstundes.
- Elevane må skiljast etter bostadskommune. Kvar kommune får eigen inngong. Inngongane vert skilta med kommunenamn. 
- Inga krav til aldersseparering.
- Me spritar henda før og undervegs i treningsstimen.
- Instruktørane skal bruke munnbind. 
- Alle klassane vert flytta til gymsalen for å kunne ha mest mogleg plass. 
Me oppmodar føresette om å vente utanfor og ikkje bli med inn i FRIKAR Smia.

 

Huks at sjuke born ikkje skal kome på trening. 

 

Me ynskjer at ein føresett frå kvar kommune kan hjelpe til med å fylgje kommunegruppa si inn til gymsalen. Dette er for å få ein smidig gjennomføring av treningstimane opp mot krava. Me delar ut munnbind til dei som fylgjer kommunegruppa si inn. 

 

På førehand takk og me gler oss til å starte att!