"Luftakrobatikk". Me legg inn litt dans i blant, men forkuserer på meistring i sirkusdisiplinen tøyakrobatikk. Me har sju sirkustøy / gardiner som me klatrar i, gjer kroppsknutar og triks i. Dette er ein disiplin innanfor nysirkus som er mykje brukt innan både kunstproduksjoner og underhaldning. Tilbodet er veldig bra for å frigjera seg frå mentale barrierer og kombinere spenning, styrke og estetikk. Sjå video av Ruth Noraker demonstrere tøyakrobatikk her: https://vimeo.com/1001513506
Hovudinstruktør er Ruth Noraker. Ho går 2. klasse på vidaregåande og har vore elev i FRIKAR-Akademiet sidan ho var lita innan dans, vertikal dans og luftakrobatikk. I år gjekk ho til landsfinala i UKM. Ho er disiplinert og dyktig og har fått pedagogisk oppfylgjing av meg det siste året. Ho har også vore på ein del sirkuskurs gjennom FRIKAR X, eit nasjonalt talentprogram for vaksne der ho har lært av blant andre Naomi Bratthammer. Eg vil assistere partia i blant og å sikre at tilbodet vårt fungerer godt med tanke på antal deltakarar, tryggleik og innhald. Foreløpig har me maks ti plassar pr parti.
I år har me eit forkurs på 5 treningar. Dette kostar 800 kr og blir fakturert for seg.
-
Forkurset er desse datoane:
1. september
8. september
15. september
22. september
29. september
Dei som har vore med på luftakrobatikk før kan møte frå 1. september eller frå 13. oktober valfritt. Me er for at barna skal kunne vera med på sumaraktivitetar i sumarhalvåret, difor denne løysinga.
Opptak til haustkurset
Pga at tyngdekrafta gjer seg meir gjeldande i luftakrobatikk enn i dans når det gjeld mestringsglede og tryggleik vil me i år berre tilby plassar for haustkurset til dei som har klart nokre grunnleggjande øvingar i forkurset som:
- Å klatre opp til 4 m og ned att med kontroll
- Kunne vrenge kalv (løfte føtene over hovudet medan ein heng i tøyet.
- Sidan luftakrobatikk krev litt ein til ein-instruksjon lyt deltakaren også ha vist nok disiplin til at det er mogleg med ein til ein-undervisning i nokre minutt om gongen. Dvs at eleven klarer å ikkje forstyrre andre som er i ein til ein-situasjon. For tryggleiken er det også viktig at eleven klarer å fylgje beskjedar som f.eks å ikkje gjera farlege ting medan læraren er opptatt i ein-til-ein-situasjon.
Alle nybyrjarar får veta om dei får plass på haustkurset før haustferien.
Haustkurset inneheld 8 treningar og ei visning og kostar 1.600 kr, fakturert for seg. Datoane er:
13. oktober
20. oktober
27. oktober
Pause 3. november pga produksjon i dansekompaniet
10. november
17. november
24. november
1. desember, luftakrobatikk
8. desember: Juleavslutning
- Du får faktura på epost.
- 30% avslag for yngste søsken.
- Hovudinstruktør er Ruth Noraker. Hallgrim Hansegård assisterer etter behov og tilgjengelegheit.
- Oppmøte i FRIKAR-SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal. Oppmøte 5 min FØR treninga startar for å unngå forsinking.
Søskenmoderasjon er 30% avslag for den yngste deltakaren i familien. Ein må fylle ut skjemaet på ny pr unge. Det er ikkje avslag for lite oppmøte, sein start eller ved å slutte før semester er ferdig.
Me sender faktura på epost.
Utfylling av dette skjemaet er ei forutsetning for deltaking, og er grunnlaget for all kommunikasjon på e-post og sms. Ved tekniske problem avtal tid for hjelp ved utfylling før oppstart av deltakar.
Ang tryggleik
Instruktørane våre er erfarne med risikoførebygging. Akrobatikk medfører alltid meir risiko enn å sita stille. Typiske situasjonar som kan skapa uhell:
- Utøvarar prøver nye triks utan oppfylgjing av instruktør. Tiltak: Disiplin og klar kommunikasjon. Alltid seia frå til instruktør før du prøver nye triks.
- Deltakar slår seg på golvet. Tiltak: Det skal alltid vera tjukkas eller annan støtdemping under tøya som blir brukt.
- Deltakar er ukonsentrert og slår seg. Tiltak: Deltakarar må eta mat og drikke mellom skuletida og trening.
- Deltakar set fast hår eller klede i knuter i tøyet. Tiltak: Bruk ettersitjande tøy og unngå laust hår.
For å unngå unødvendig risiko forventar me disiplin av ungane ved å forhalde seg til reglane våre. Foreldre kan gjerne snakke med deltakar om kvifor det er viktig å høyre på instruktør og fylgje reglane. Me ynskjer at foreldre som leverer og hentar kjem inn i foajeen til FRIKAR-SMIA slik at det er lettare å kommunisere. Me ynskjer at det er minst ein foreldre med bil tilstades i foajeen for ungar under 9 år. Ved eventuelle uhell som krev skyss til legevakt kan treninga halde fram ved at foreldre køyrer på legevakt. Ved alvorlege uhell tilkallar me ambulanse.
ERFARING VISER AT UNGAR BLIR MEIR HARMONISKE OG FÅR EI ARTIGARE ØKT OM DEI MØTER MINST 5 MIN FØR START.
FRIKAR-Akademiet har sidan 2009 samarbeidd med profesjonelle tryggleiksteknikarar. Opphengspunkt for luftakrobatikk i FRIKAR-SMIA er utrekna av Byggteknikk Valdres og utført av Sanne Hauglid as. Me går over utstyret til kvar sesong for å kvalitetssikre.
FRIKAR-Akademiet arbeider for eit trygt miljø i kvalitetssikra fascilitetar. Ved å fylle ut dette skjemaet samtykker du på at FRIKAR-Akademiet ikkje er juridisk ansvarleg for eventuelle skader som deltakar skulle pådra seg under trening i FRIKAR-Akademiet sin regi.