Kompani / Verk

FRIKAR I FOSSEN

FRIKAR I FOSSEN 1.-3. - 8.-10. august 2024

Opplev FRIKARs storsatsing i det ville og vakre Åbjøra-juvet med verket GANDR!

Kom tett på natur og dansarar i FRIKAR´s koreografiske univers i Åbjørajuvet i Valdres! 
Juvet der vatnet har fila seg gjennom berg i tusener av år og skapt ei scene og eit landskap som er ei unik oppleving i seg sjølv.
Her blir det dans, sirkus, rytmar og trolldom som du sjølv får væra ein del av i ein interaktiv, storslått vandreforestilling.

Velkomne til Åbjøra-juvet!

Kjøp billettar her

“Det er på grensen til galskap å laga noko så svært og annleis og rart ute i vill natur. Draumefangaren har potensiale i seg til å bli ei årleg oppsetjing med både nasjonal og internasjonal tiltrekningskraft. Frikar er meistrar i å skapa ikoniske bilde. Hallgrim har eit blikk for ur-komposisjonar som inkluderer kropp, stein, tau, tre og vatn. Han har fått med seg folk med ekstreme dugleikar, som bidreg til eit speningsnivå som til tider held folk heilt på neglebitarstadiet.” 

- Leiaren i Avisa Valdres.

“Åbjørajuvet kan vera både vakkert og skremmande på same tid. Perfekt som naturleg kulisse for “Draumefangaren” der publikum er like mykje deltakar som iakttakar. Plasserer publikum inn i ei heilt spesiell verd, ei draumeverd! Ei vandring i skogen der ein stoppar opp og iakttar alt frå stilleperformance til det som nærast er som tatt utifrå ei Cirque du Soleil-forestilling. Hjernen får næring til å tygge på inntrykka. Mildt sagt spektakulært. Ein treng ikkje å vera kjenner av moderne dans for å finne “Draumefangaren” spennande eller gjevande.” 

- Oppland Arbeiderblad.

 

“For en helt utrolig opplevelse. Denne forestillingen sitter i kropp og sjel lenge!”

 

Praktisk informasjon: 

Det er parkering og registrering ved sandtaket 200 m aust for Mønobrua i retning Vestringsbygda. 

Adr: Åbjøra-juvet, 2910 Aurdal i Nord-Aurdal i Valdres. Sjå her for vegskildring.

Overnatting? Me samarbeider med Scandic Valdres, Danebu Kongsgård, Storefjell Høyfjellshotell, Radisson Blu Beitostølen, Gomobu Fjellstue, Grønolen Fjellgård og Nythun Fjellstue.

Området er rekna for å vera ein offentleg stad. Det er ikkje lov å nyta alkohol. Av hensyn til naturen og andre publikumarar ber me om at de ikkje røyker eller brukar open eld. Huks å ta med søppel heim. Me tilrår å kle seg etter vêret og ta med gode sko og sitjeunderlag. Det er lov å ta med eigen termos og matpakke. Det vert servert kaffe og varm mat nede i juvet. Det er ikkje høve til å ta med hund. 

Billettar vert ikkje refundert.

 

Cast og kreditering:

Koreograf: Hallgrim Hansegård

Kostymedesign: Line Maher

Komposisjon og musikalsk ansvarlig: Terje Isungset

Scenografi: Hallgrim Hansegård

Sikringssjef: Ulvar Kværneng

Produsent: Kirsti Buchanan Ulvestad 

Friviljugsjef: Katrine Celius

 

Kjøp billettar her 

 

Takk til: 

FRIKAR I FOSSEN er støttet av Valdres Natur- og Kulturpark, Sparebanksstiftelsen DnB og Innlandet Fylkeskommune. 

 

Hjartleg takk til grunneigarar Odd Magnar Åbjørsbråten, Tom Myrheim og Bjørn Inge Kulterstad.


Takk til alle friviljuge som bidrar til at dette er mogleg. 

#Vertical
#Dance
#Outdoor
#FRIKAR

“Det er helt spinnvilt det de får til. Ja, snakk om å bli bergatt!”

Video from research with archaeologists