
Smitteverntiltak for alle på FRIKAR treningssenter:
• Skift til treningsklede før du kjem til treninga.
• Skriv deg inn og ut på lista ved inngongen.
• Det er lov med maks 5 personar i kvart treningsrom. Det er sett opp plakatar for påminning om dette.
• Når du trenar må du bruke eingongshanskar. Eingongshanskar finn du ved inngongspartiet og i apparatrommet.
• Huks å vask/sprit alle kontaktpunkt på apperata. Dette til tross for bruken av eingongshanskar sida ikkje alle kan bruke dette på grunn av allergi.
• Hald 1 meter astand til andre.
• Prøv å ver observant på kva du er borti, for å redusere antal kontaktpunkt.
• Hald deg heime om du er sjuk.
Me vona du som kunde fylgjer smitteverntiltaka sånn at me kan fortsetje å halde oss friske og raske, og at treningssenteret kan fortsetje å halde ope framover. Treningssenteret er ubemanna og difor vert det òg sett andre krav til oss samanlikna med bemanna treningssenter. Me kjem til å ta stikkprøvar for å ver sikre på at smittevernet vert fulgt.
Merk at treningssenteret er ope for deg som bur i Nord Aurdal. Ut i frå medlemslista vår er nærmast alle kundane busett i same kommune og det vil sei at me innfrir smittevernskrav i eigen kommune. Kontakt ceo@frikar.com om du ikkje bur i kommunen så finn vi ei løysing på det!