Up'nMove med Sua&Annette

28 - 03. mars 2019 SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal

Up'nMove med Sua&Annette

Fjelldansen, regional kompetansesenter for dans, inviterer til workshop med Sua Rusten and Annette Brandanger.

Workshopen vil gje deltakarane verktøy som byggjer styrke, balanse og mobilitet i kroppen, og alt dette på ein leikande lett måte. 

Samarbeidet mellom Sua og Annette starta i 2011. I møte mellom ulik stil og erfaring oppstod det ei interesse og nysgjerrighet for korleis de kunne jobbe saman med bevegelse. Over tid har de utvikla ein workshop som er leiken og utfordrande på samme tid. Fri bevegelse motiveres ved å introdusere bevegelses prinsipper med fokus retta mot smidigheit og styrke og et ynskje om å bevege seg helt uanstrengt.

Sua Rusten har praktisert Kampsport sidan 1988, med kunnskap i Tae Kwon Do, Thaiboksing og Kung Fu. Han starta Capoeria trening i 1998 og har mottatt  instruktørgrad frå Mestre Umoi ved Grupo Uniao na Capoeria. Sua har tidlegare undervist ved Statens Balletthøgskole, KHIO, den norske Balletthøgskulen og  Frikar. No underviser han bevegelse ved Kyrre Texnæs studio i Oslo 

Annette Brandanger har jobba som dansar, koreograf og pedagog siden 2001 og er utdanna ved Laban Trinity i London og Kunsthøyskolen i Oslo. Ho har jobba frilans med ulike koreografer og har ein brei erfaring som utøvande både på små og store produksjoner. Hun har jobba med bl.a Stuart Hopps, Willie Dorner, Scarlett Perdereau, Panta Rei Danse teater og Body Tech. Ho spesialiserar seg i pararbeid og gulv teknikk innan moderne dans. 

 

Timeplan: 

Torsdag 28. februar

Workshop: 12.00-14:30

Lunsj: 14.30-15.00

Workshop: 15.00-17.00

Fredag 1.mars - søndag 3. mars

Workshop: 09.00 - 12.00

Lunsj: 12.00 - 12.40

Workshop: 12.40 - 16.30 (lørdag avsluttes kl 16.00 og søndag kl. 15.00)

 

Vi takker våre samarbeidspartnere:  

Workshoppen blir arrangert av Fjelldansen, regionalt kompetansesenter for dans, som støttes av Kulturrådet, Oppland fylkeskommune og Valdres natur- og kulturpark, i samarbeid med Ål kulturhus, Teater Innlandet og FRIKAR X med sine støttespillere. 

Foto: Fredrik Myhre