Arbeidsro midt i naturen med storsal, lysrigg og overnatting i eitt

FRIKAR har bygd om gamle Aurdal skule til ein residensplass omringa av sauejorder på sumarstid og skiløype på vinterstid. Residensen er støtte av Kulturrådet, Oppland fylkeskommune og Valdres natur og kulturpark. 

Søknaden skal innehalde:  

  • Kort bio for hovedaktører
  • Kort skildring om kva de ynskjer å utforske (maks ein A4 side)
  • Prosjektets form (produksjon, forprosjekt, koreografiutvikling e.l.)
  • Finansieringsplan

Søknad sendes til benedicte@frikar.com, med tema i e-post residens

Søknadsfrist: 1. mars 2019. 

Kriterier for å søke: 

  • Profesjonelle dansekunstnarar som kan dokumentere eit godt kunstnarleg nivå

Vi tilbyr:

  • Residens med overnatting, kjøkken og fjellstue
  • Studio inkludert lysrigg
  • Reise og diett 
  • Honorar inntil to personar

Vi ynskjer: 

  • Eit verkstad med dei lokale dansetalenta og/eller
  • Ei offentleg visning og kunstnarleg samtale med publikum.

Tidspunktet for residens 2019 kjem seinare. 

Utvalet som vel kunstnarar er Hallgrim Hansegård og Benedicte Marie Bjerke. 

Studioet er i Aurdal, Middelskulevegen 41, Valdres, og er tre timar i buss frå Oslo. Bussen går sju gonger dagleg, ruter kan du finne her. Stoppestaden heiter "Aurdal kirke".

Vi sjår fram til å motta din søknad!