MS_frikar-9011.jpg

I FRIKAR ynskjer vi å prøve nye vegar og varde dei så komande generasjonar kan koma endå lengre. 

Visjonen til FRIKAR er å bevege seg gjennom det ukjente med eldgamal kunnskap mot ei berekraftig framtid. Vi er svært interessert i immaterielle verdiar som tåler tidas tann, men som kan tilførast ny kunnskap og finne nye måtar å bli relevante på. Samstundes er vi takksame å få byggje vidare på ein fleire hundre år gamal dansetradisjon utvikla av utruleg mange generasjonar av personar som elska å bevege seg. 

Difor ynskje vi å bidra til at denne kunnskapen blir vidareutvikla og kan vera med å påverke måten å tenkje på i framtida. Difor kan vi halde same fokus gjennom mange år, i staden for å starte med blanke ark for kvart prosjekt. Difor vel vi å bruke tid og overskot frå verksemda vår på grunnforsking som kanskje kan tjene framtidige produksjonar. 

Og gjennom verkstader, seminar, produksjonar og denne nettsida ynskjer vi å gjera ny kunnskap tilgjengeleg for alle interesserte.