Fiskesprett akrobatikk vår 2020

Lær deg salto og parkour!

OBS! Me har litt problem med betalingsfunksjonen på denne sida. 

Kontakt Anne-Birthe for påmelding: annebirthe@frikar.com.

 

På dette kurset legg me særleg vekt på utvikling av stormotorikk, grunnleggende prinsipp for akrobatikk og bevegelsesglede. Me lærar å rulle fremover, bakover og sidelengs, slå hjul, stå på hovudet og salto. Oppvarming, styrke, kondisjon og tøying vert ein del av treninga for å forebygge skadar. Dette er eit spanande kurs der alle vil føle utvikling og meistring samt moglegheita til å utfoade si eiga kreativitet i form av bevegelse.

FRIKAR sitt motto "Free yourself" fargar undervisninga som utfordrar kvar enkelt unge til å krysse sine eigne mentale og fysiske grenser.

FRIKAR har instruktørar og fasilitetar i Noregstoppen for å lære seg skikkeleg akrobatikk. Dette inklulderar olympisk trampoline med bungeeselar, turnringar, 8x6m air track, parkourelement og tjukkassar - for å nemne noko!

 

Meld deg på kurset