Håkon Håvelsrud Odden

Instruktør i akrobatikk

Bio

Håkon har gått gradene frå elev ved FRIKAR kulturskule i 2012 til elev ved Toppidrett FRIKAR i 2016 og medlem av det nasjonale talentutviklingsprogrammet FRIKAR X i 2017. I sumar var han med på FRIKARs suksessframsyning Draumefangaren. 

Håkon har eit skarpt blikk for stormotorikk og kva som skal til for å få til akrobatikk og triks. I tillegg er han ein dyktig utøvar. Han er ein talentfull 18 åring, og blir fylgt opp pedagogisk av programansvarleg Hallgrim Hansegård.