SMIA - Studio for Movement and Integrated Arts.

FRIKAR sitt studio er spesialbygd for tverrfagleg kunstutfalding og ligg vakkert til med sauejorde som næraste nabo og utsikt mot Aurdalsfjorden. 

I 2012 kjøpte FRIKAR nedlagde Aurdal skole. Med god hjelp frå Sparebankstiftselsen, Innovasjon Norge, Kulturrådet, Oppland og Nord-Aurdal har FRIKAR bygd om gymsalfløyen til studio og residens. 

Studioet husar FRIKAR sine produksjonar, undervisning og residensar, men blir også leigd bort til andre aktivitetar og arrangement. Ved interesse for leige ta kontakt med booking@frikar.com.

FRIKAR-SMIA har studio med full lysrigg, mulighet for visning med publikumstribune, to kjøkken og 10 soverom. Hausten 2018 kjem treningsrom og nytt studio. 

Adr.: SMIA, Middelskulevegen 41, 2910 Aurdal